Mistenkte ruskøyring
Ein mann i 40-åra mistenkt for å ha køyrd bil i rusa tilstand i Hagavik torsdag ettermiddag.
I tillegg til utforkøyringa på Søfteland, stoppa politiet ein mann i 40-åra i Hagavik torsdag ettermiddag klokka 17.30.
– Patrulja stansa mannen og fekk mistanke om at han køyrde i berusa tilstand, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Mistanken blei ytterligare styrka etter at mannen gjekk gjennom ein omfattande tegn- og symptomtest.
– Det er ein ganske omfattande test kor ein mellom anna ser på pupillene sin reaksjon på lys. Betjenten som skal gjera ein slik test må gjennom ei sertifisering før vi kan nytta denne testforma ute på patrulje.
– Testinga gav patrulja skjellig grunn til mistanke og mannen blei tatt med til blodprøvetaking og fekk førarkortet beslaglagt, avslutter Hadler-Olsen.