Mister to - får éin tilbake
No er dato for NM-kampen mot Fana sett. Her fortel Førde Eriksen om stallen og førebuingane til den utsette seriestarten.
I juni fortalde vi om NM-trekninga, Os fekk walkover i første runde og tar imot Fana i andre runde. Sist Os møtte Fana i NM blei det cupbombe og siger.
I går kom datoen for heimekampen, søndag frå klokka 17 blir det liv i Oshallen.
– Det blir kjekt det, å få bryna seg litt mot god motstand. Dette blir trening for oss, seier trenar Trond Førde Eriksen.
Os spelte treningskamp mot Fana 2 i går og tapte med 2-3 mål.
– Vi var svake dei første 20 minutta, dei siste 40 var bra. Ein heilt grei kamp samla sett av oss.
Utsett seriestart
Seriestart skulle vore 3. september, men Os har utsett dei to første kampane og kjem først i gang laurdag 23. september (bortekamp).
– Dei som har vore heime har trent veldig bra etter at vi starta opp igjen i august, men det er først no nyleg at vi har hatt flesteparten tilbake, at vi har hatt 13-18 på trening.
Handballdamene trente saman i mai og juni, etter ein sterk sesong der dei sikra 4. plassen, eitt poeng bak 3. plass, i siste runde. I juli har det vore fri og egentrening, i august har det tatt tid å få alle tilbake i hallen.
– Vi visste at det var ein del som skulle på ferie i august, derfor gav vi oss sjølv litt meir tid.
Mister keeper og høgreving
Nokre endringar i stallen er det òg før sesongstart. Vibeke Ingebrigtsen, førstekeeper i ei årrekkje, har sagt at ho legg opp. Os må òg klara seg utan høgreving Tonje Hjertnes, grunna svangerskap.
– Heldigvis har vi framleis keeperane Tiril Grønvigh (heldt buret reint i over 29 minutt) og Marlene Sund.
Frå Hjernes-familien får Os dessutan Madeleine tilbake i løpet av hausten. Ho var vekke frå desember, men blei mamma for nokre veker sidan og vil på banen så snart ho er klar.
Hentar opp tre unge talent
Ved sidan av Madde sitt komande comeback har Os fått tre nye 17-åringar i stallen.
– Ayleen Hagen frå Tysnes og Nora Berge og Emma Lyssand frå Nore Neset kan få 2. divisjonsdebuten sin snart. Både Nora og Emma fekk nokre minutt mot Fana 2 i går. Begge gjorde det bra og begge skåra mål, fortel Førde Eriksen ein månad før seriestart.
Nora skåra 9 mål i seniordebuten sin med Nore Neset i 5. divisjon i fjor haust.
Men først, NM mot Fana i Oshallen søndag.