Sport | 18. juli 2018

Mister to, signerer 3 til 6 nye spelarar

Lysekloster treng påfyll før hausten. I morgon opnar overgangsvindauget.

Mister to, signerer 3 til 6 nye spelarar
Svein Kollen er optimist før starten på haustsesongen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. juli 2018 19:11

Bildeserie:

UT: Stian Lønne Dyngeland flyttar til Austlandet. (Foto: KVB)
UT: Stian Lønne Dyngeland flyttar til Austlandet. (Foto: KVB)
UT: Martin Pedersen flyttar til USA. (Foto: KVB)
UT: Martin Pedersen flyttar til USA. (Foto: KVB)
Ikkje ut likevel: Vladan Radojkic. (Foto: KVB)
Ikkje ut likevel: Vladan Radojkic. (Foto: KVB)
1 av 3
UT: Stian Lønne Dyngeland flyttar til Austlandet. (Foto: KVB)
UT: Martin Pedersen flyttar til USA. (Foto: KVB)
Ikkje ut likevel: Vladan Radojkic. (Foto: KVB)

Lysekloster tapte to av dei fire siste kampane i vårsesongen og tok ferie på 3. plass, 6 poeng bak Sotra, eitt poeng bak Viking 2 og to poeng framfor Fyllingsdalen.

– Vi har hatt ein skadeprega vår og vi har hatt litt stang ut, seier sportsleg leiar Svein Kollen om tabellsituasjonen etter halvspelt sesong.

– Men bookmakarane har framleis tru på oss, og det har vi sjølv òg. Alle dei sterkaste motstandarane skal vi i haust møta på heimebane, og der er vi sterke.

Lysekloster har vunne 5 av 5 heimekampar og står med 22-3 i målforskjell på desse fem rundane i «Parken».

Mister to spelarar - får éin «tilbake»

I løpet av sommarferien låg Lysekloster an til å mista tre spelarar, éin av dei er Vladan Radojkic.

– Etter at vi var ein delegasjon i Kroatia i bryllaup til Denis Ljubivic reiste Vladan til München for å prøvespela for ein tysk klubb. No har vi heldigvis for oss fått han tilbake, Vladan blir etter alt å døma i Lysekloster ut sesongen, seier Svein om mannen som har skåra 6 mål på 13 kampar denne sesongen.

To andre som går, og ikkje ligg an til rask retrett, er Stian Lønne Dyngeland og Martin Pedersen.

– Martin flyttar til USA, Stian skal tilbake til Larvik for å fullføra politiutdanninga si etter praksis på Vestlandet. Begge er med oss i berre to eller tre kampar etter ferien.

Dyngeland spelte 11 kampar (4 mål) for Lysekloster i fjor og 8 (2 mål) til no i år. Pedersen spelte 4 i fjor (2 mål) og står i år med same tal som Vladan, 6 mål på 13 kampar.

Snarleg signering av spelar frå Eliteserien

Kollen fortel samtidig at nye spelarar er på veg inn, éin av dei er nærmast klar for signering.

– Det kan bli signering i kveld eller i morgon, seier Kollen, men vil ikkje ut med namn.

– Han har sete ein del på benken i Eliteserien denne våren, men har vore på banen i éin kamp, avslører sportsjefen.

3-4 andre spelarar, med bakrunn frå OBOS-ligaen, skal vera klare for prøvespel når overgangsvindauget no opnar.

– Eg vil tru at vi kjem til å signera 3 til 6 nye spelarar i vekene som kjem, seier Svein Kollen.

Lysekloster opnar haustsesongen førstkomande søndag med heimekamp mot Stord.

Stord ligg på 12. plass av dei 14 laga i avdelinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.