På laurdag opnar den nye utstillinga til Astrid Dragset i Oseana. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

– Mitt språk er visuelt

På laurdag opnar Astrid Drageset utstilling i Oseana.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Sist Drageset hadde utstilling i Os, var i Drageset-bygget i juni 2017.

Tidlegare har ho hatt to utstillingar i det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten då Galleri Oz heldt til der.

Drageset har òg hatt ei utstilling på Vedholmen galleri i 2012. 

Stort og spesiallaga

I 2017 fortalde Drageset til Midtsiden at ho hadde byrja å jobba på større format. 

– Kva vil publikum få sjå i denne utstillinga - har du halde fram med stort format?

– Eg driv med begge delar, både stort og smått. Alt som vert å sjå her i Hvelvet er spesiallaga til denne utstillinga. I tillegg til måleria har eg laga tre skulpturar til utstillinga. 

Drageset fortel at ho kjenner eit slags fortrinn med å stilla ut i Oseana;

– Eg bur og jobbar i Os, og det gjer at eg har fått meg ei rekkje av utstillingane som har har vore her. Eg har med det blitt godt kjend med utstillingslokalet, og på den måten har eg hatt eit tydeleg visuelt bilete i hovudet når eg har arbeidd. Andre gongar har ein til dømes berre nokre foto og ei planteikning å forhalda seg til, og ein får ikkje sett sjølve lokalet før ein byrjar med monteringa av utstillinga.

– Med Oseana og utforminga til Hvelvet, har eg hatt heilt klare tankar med meg inn i den kreative prosessen om korleis dette skal sjå ut for publikum.

Glede og hardt arbeid

Kva er uttrykket ditt - kva ønskjer du å formidla?

– Først av alt vil eg seia at det ligg mykje hardt arbeid bak dette. Eg gjev mykje av meg sjølv i arbeidet med ei utstilling.

– Men det som er så bra, er at det er hardt arbeid som gjev glede. Vidare vil eg seia at eg ønskjer å formidla ro og fred.

– Eg vil at du som sjåar skal lytta med auga og finna ro her. Som kunstnar nyttar eg det visuelle som språk. 

Handverk til musikk

Alle verka Drageset stiller ut i Oseana er laga i 2018, og ho fortel engasjert om likskapen mellom hennar kunst og det å laga musikk; 

– Det eg driv med er handverk. Til liks er det å laga musikk, er det eg driv med ei mykje lik kreativ ferd. Du byrjar på a, og du veit aldri heilt kva som skjer på vegen før du endar opp på å.

– Ofte kan denne ferda, om du vil, vera vanskeleg å forklara til ein person som ikkje driv med kunst sjølv. Ferda er krevjande, men samtidig så gjevande attende.

– Du nemner musikk; lyttar du sjølv til musikk når du arbeider? Finn du inspirasjon i musikk?

– Ja, eg finn glede og inspirasjon i musikk. Nokre dagar likar eg å ha det heilt stille rundt meg, men i denne utstillinga vil du finna mykje Jan Garbarek om du ser etter. Ein annan favoritt til arbeidet er Queen, så god musikk er viktig for meg. 

Unge menn i New York og London

Drageset fortel at ho dei seinare åra har nytta Instagram mykje for å nå ut, og dela kunsten sin med verda.

– Eg likar Instagram veldig godt, og eg nyttar det mykje. Til dømes har eg nett no bilde utstilt i Danmark og England, eine og åleine fordi folk har sett kunsten min nettopp på Instagram. Eg let meg fascinera over konseptet, og når eg går følgjarane mine litt nærare i saumane, syner det seg at hovudvekta er unge menn i London og New York, fortel Drageset lett humrande. 

Per dags dato har Drageset 1582 følgjarar på Instagram. 

Astrid Drageset si utstilling opnar på laurdag og vert ståande til 10. februar

Fleire saker