Fotball | 08. feb. 2022

Moberg skåra i sin første kamp for Brann

– Kjekt å merka at vi skaper sjansar, seier ein av dei fire osingane som spelte i går.

Moberg skåra i sin første kamp for Brann
Vegard, her på treningsleir på Gran Canaria, skåra Brann sitt einaste mål i treningskamp mot Åsane i går. (Foto: SK Brann/Thomas Brakstad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. feb. 2022 13:25

SK Brann, som onsdag i førre veke kom heim frå treningsleir på Gran Canaria, spelte i går treningskamp borte mot Åsane.

Nysignerte Vegard Leikvoll Moberg frå start og heile første omgang.

I 26. minutt sette han inn 0-1 i det som blei Brann si einaste skåring i kampen.

– Vi har øvd litt på det å skåra på legg. Å få nedfallsfrukt i mål kan også vera til nytte, seier Vegard til Midtsiden.

Før skåringa var han i duell med keeper på eit innlegg, etter skåringa hadde han eit bra skot som blei blokkert.

– Vi burde ha skåra fleire mål. Men eg synest det var bra sjanseproduksjon og at vi fekk til mykje. For min del var dette første kamp på lenge, og veldig godt å få ei gjennomkøyring på 45 minutt.

Kampen enda 1-1 etter mål av Stian Nygård i 76. minutt.

– Formen er fin, og eg kunne spelte lengre, men det er heilt greit å gi seg mens du enno har meir på lager. Vi er framleis i oppkøyring.

Sjå høgdepunkt på video på BA.no.

Fire osingar på banen

Vegard spelte mot gamle lagkameratar i klubben han gjekk frå i 2016. Då hadde han 118 kampar bak seg for Åsane.

Moberg var også ein av fire osingar på banen. Lagkamerat Ole Martin Lekven Kolskogen spelte frå start og heile kampen.

På Åsane spelte Bjarte Haugsdal alle 90, mens Knut Spangelo Haga, som er på prøvespel, fekk heile andre omgang som venstre back.

Knut Spangelo Haga, her for Øyagarden mot Os i NM i fjor. Kampen enda 2-6. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Knut Spangelo Haga, her for Øyagarden mot Os i NM i fjor. Kampen enda 2-6. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Knut gjekk frå Os til Sotra i 2. divisjon før 2018-sesongen og til Øygarden i OBOS i 2020. Øygarden rykte ned den hausten.

I fjor skåra backen Spangelo Haga 5 mål på 29 kampar for Øygarden i 2. divisjon.

Åsane-Brann 1-1 (0-1)
Mål:
0-1 Vegard Leikvoll Moberg (26), 1-1 Stian Nygard (78).

Åsane (4-2-3-1): Idar Lysgård - Emil Kalsaas, Martin Ueland, Sindre Austevoll, Ryan Doghmann - Didrik Fredriksen, Mats Thornes (Henrik Nyland fra 68) - Stian Nygard, Senai Hagos (Knut Haga fra 46), Henrik Ødemark (Niklas Haugland fra 80) - Bjarte Haugsdal.

Brann (4-3-3): Mathias Dyngeland - Felix Horn Myhre, Fredrik Pallesen Knudsen, Ole Martin Kolskogen, David Møller Wolfe (Ruben Kristiansen fra 46.) - Mathias Rasmussen, Sivert Heltne Nilsen, Vegard Leikvoll Moberg (Kasper Skaanes fra 46.) - Moonga Simba (Bård Finne fra 70.), Aune Heggebø (Erlend Hustad fra 46.), Filip Delaveris (Ole Didrik Blomberg fra 46.)

Brann sin neste treningskamp går borte mot Start på fredag.

Brann tar imot Åsane i andre serierunde, 10. april, heime på Stadion.

Bortekampen er 5. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.