Lokal | 05. jan. 2021

Mor og barn konstatert smitta

Er nærkontakt av ein annan smitta.

Mor og barn konstatert smitta
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. jan. 2021 07:30

Måndag kveld fortalte Bjørnafjorden kommune om det som er årets to første smittetilfelle.

Ei kvinne i 30-åra og bornet hennar, som er 1 år gamalt, fekk søndag 3. januar påvist covid-19.

Dei er begge nærkontaktar av ein som tidlegare har fått stadfesta smitte.

Bornet er den nest yngste i Bjørnafjorden kommune som har fått påvist covid-19. I november blei ei tre månadar gamal jente smitta, i tillegg har to ungar i barneskulealder fått påvist covid-19 (ein 3. klassing og ei 10 år gamal jente).

Lite smitte i jula

På nyttåsaftan, torsdag 31. desember, fekk vi eit nytt smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.

Då var det ein mann i 30-åra. Han blei smitta i ein annan kommune.

Dermed blei det totalt 3 nye smittetilfelle i veke 53 mot 4 veka før.

Nye smitteverntiltak

Det blei søndag innført nye, nasjonale smitteverntiltak, som gjeld frå i går, måndag, og to veker fram.

Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale tiltaka.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

Totalt smitta: 106
2020 haust: 89 smittetilfelle
2020 vår: 15 smittetilfelle
Totalt i 2020: 104. Her er liste over alle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.