Lokal | 07. sep. 2015

Møt TvS sin toppkandidat

#ValiOs15 • Møtet med ordførarkandidaten: Terje Sperrevik (TvS).

Møt TvS sin toppkandidat
Terje Sperrevik er ordførarkandidat for Tverrpolitisk Samlingsliste (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 07. sep. 2015 19:32

Midtsiden har utfordra ordførarkandidatane i dei ni partia som stiller lister ved kommunevalet i Os på det vi meiner vil vera sentrale områder dei kommande fire åra. I ein serie artiklar vil kvar av ordførarkandidatane få presentera sitt syn på dei ulike emna.

Barnehagar

Det er 17 barnehagar i Os, kor to av dei er kommunale.

– Vi har full barnehagedekning, det skal vi oppretthalda. Men vel så viktig er at vi fokuserar på kvaliteten i barnehagane, også dei private. Vi må heile tida jobba for å halda denne på eit høgt nivå.

– TvS er opptekne av at vi fokuserar på kommunen sine to eigne barnehagar. Vi vil freiste å sikra tilstrekkeleg med pedagogiske ressursar også i framtida. Vi ligg bra ann no, men må sørgje for å vedlikhalde det også i framtida. Vi har fått innspel om at brukarane ønskjer to årlege opptak til barnehagane. Dette er noko vi vil støtta om ein finn det mogleg med tanke på økonomiske modeller, seier Terje Sperrevik.

– Vi vil òg dra barnehagane enno meir med i prosjekt betre læringsresultat. Alt heng saman og jo tidlegare vi kan komma inn, jo betre blir resultata. Programmet Dei utrulege Åra (DUÅ) vil vi skal gjelda for alle born frå 1 til 10 år. I det legg vi òg viktigheiten i å rettleia foreldra. Samarbeidet mellom barnehagen og dei føresette er ein nøkkel for å lykkast. Gjer vi det, så oppnår vi kanskje noko av det viktigaste, nemleg det å forebygga at ungane slit seinare. Vi skal ikkje forebygga gjennom å bruke peikefingeren, men gjennom gode og kreative løysingar kor nærmiljøet drar saman. Klarar vi det vil vi slippe store utgifter, men ikkje minst spara mennesklege lidingar, påpeiker Sperrevik.

Skule

Skulen er viktig for nærmiljøet for å skapa trygge oppvekstvilkår meiner TVS.

– Difor vil vi oppretthalde krinsskulane. Er skulen nær der du bur, så er det lettare å fange opp ting. Vi har ingen tru på store mastodontar av skuler. Det er viktig at skulen kjenner Per, Pål og Kari. Det skaper betre læringsmiljø og styrkar lokalsamfunnet. Dessuten er Os kommune i den situasjonen at vi treng kvar ein skuleplass vi har. Krinsskulane er ein oase for nærmiljøet og ein viktig sosial samlingsarena på fritida.

– Det vi ønskjer er at vi blir enno betre på «Better Practice». Skulane må bli enno flinkare til å læra av kvarandre. Prosjekt betre læringsresultat er i den samanhengen eit viktig og riktig tiltak som vi stiller oss bak.

– Vi må òg gje lærarane moglegheiten til å vera den læraren dei skal vera. Dette må vi gjera ved å legga tilrette for fagleg utvikling. Ikkje berre gjennom etterutdanning, men òg enklare kurs, til dømes i excel om det trengs, for å gjera skulekvardagen enklare.

– Vi må sørga for å legge tilrette for tidleg innsats med tilpassa opplæring. Det gjeld både dei elevane som slit, men òg dei flinkaste. Vi må klara å sjå alle. Det trur eg lærarane gjer i stor grad, men dei har ikkje ressursane som skal til. Vi må ha fokus på at lærarane får eit handlingsrom.

– Vi i TvS vil óg støtta leksehjelp til alle som ønskjer det på barneskulen, og tilrettelegga for at elevane får sosial og emosjonell kompetanse.

– Empati er ein viktig eigenskap, ikkje minst i arbeidet med å forhindra mobbing. Det er òg eit område eg ønskjer vi igjen kan få fokus på. Eg er usikker på kor vi står no, etter at vi for nokre år sidan hadde eigne program om temaet. Igjen handlar det om forebygging, påpeiker Sperrevik.

– Vi må òg sørgje for at utemiljøet og dei fysiske rammene kring skulane er gode. Ikkje minst gjeld det trafikktryggleik på skulevegen. Vi vil jobba for sikre gang- og sykkelvegar til alle skulane slik at det er trygt for elevane å gå til skulen.

Eldreomsorga

– Eg opplever på mange måter at den er god. Eg opplever at dei som jobbar innan eldreomsorga gir ein særdeles god omsorg og viser stor grad av imøtekommenhet. Eg må få lov å gje all honnør til dei.

– Så må vi som politikarar sørgje for at vi har tilstrekkeleg kapasitet. Mange ønskjer å få bu heime så lenge dei vil. Det skal vi legga tilrette for. Dei skal til og med få lov til å dø heime om dei ønskjer det. Mi oppfatning er at dette fungerar bra i dag, eg trur dei som jobbar i tenesta er flinke til å fange opp brukarane sine ønskjer. Vi må berre sørgje for at det held fram også i framtida. Difor er vi opptekne av å oppretthalda tryggleikssjukepleiar-teneste og tilbodet om tryggleiksalarmar.

– Luranetunet skal byggast ut med 96 nye plassar, men det er berre ein auke på 38 nye plasser i forhold til i dag.

– Det er ei stor utbygging vi har på gang, men vi må passa på at vi tenkjer langsiktig og har ein strategi. Eg kunne tenkje meg at vi allereie no byrja å tileigna oss kunnskap om demenslandsbyar. Eg veit det er delte meiningar omkring dette, men eg har lyst til at vi snusar på det, både med tanke på areal og kva ein slik landsby eller gate kan innehelde. Det er viktig at det ikkje blir ein institusjon, men eit godt og trygt bumiljø med grøntområder, enkle tenester som butikker og liknande. Kanskje kunne det vera noko som hadde vore egna som eit interkommunalt samarbeid.

– Eg kunne òg tenka meg at vi såg på moglegheiten til, i samarbeid med Haraldsplass eller Haukeland, å få ein røntgenbuss til sjukeheimen. Då ville dei som treng det slippa å reise til byen for enkle undersøkingar. Fjell kommune er i ferd med å bygga opp eit lite lokalsjukehus, det bør vi sjå på i Os òg.

– Når det gjeld utbygginga på Luranetunet, så er det viktig at vi no legg tilrette for kjøkken. Riktig og sunn mat er viktig, ikkje berre ernæringsmessig, men òg for trivselen. Vi vil ha vekk plastmaten og skape dei gode måltida. Vi må òg sørgje for å få på plass eit bårehus som er stort nok til at dei sørgjande får vera i fred. Vi kan ikkje ha det slik som i dag kor andre besøkande må gå gjennom området kor dei sørgande er samla for å koma til dei som dei skal besøka.

Frivilligheten

Både i høve skule og innan eldreomsorga ser Sperrevik nytta og viktigheiten av godt samspel med frivillige.

– Ta dei unge først. Vi ønskjer å satsa på ungdommen sin kreativitet på det positive plan. Ta tildømes Redd Barna Cup i Øyane som er eit glimrande døme på dette. Vi ønskjer å oppretta eit fond som er forbeholdt ungdommen og som kan vera med på å gje dei eit løft når dei kjem med gode ideear. Det er viktig at støtter opp i engasjerte ungdommar. Difor vil vi òg ha eit ungdommens kommunestyre kor ungdommen blir høyrd.

– Ei anna viktig ressursgruppe er dei eldre i pensjonistforeninga som gjennom aktivitetane dei har hindrar einsemd. Dei gjer ein veldig god jobb og har skapt eit godt miljø for dei eldre i bygda. Vi må kunne få til litt meir støtte til dei òg, meiner Sperrevik.

– Når det gjeld det frivillige lagslivet i bygda så er dei viktige bærebjelker i kulturlivet og er med på å binda bygda saman. Eg er rett nok litt uroa for korpsa våre. Vi må hjelpa dei til å halde seg oppegåande. Det kan ikkje vera noko som er tristare enn eit svensk korps i 17. mai-toget.

– Fjellheim ønskjer vi skal bestå. Det kan blir brukt på ein god måte som alternativt sermonirom og ei lita kultursove. Vi treng noko enklare enn Oseana og som bryt med bustadbiten i området. Eg trur det kan vera ein eigen kvalitet blant den auka boligmassen som kjem der.

Næringsliv og arbeidsplassar

– Dette området har dei som har styrt Os dei siste åra gjort skrekkeleg lite på over lang tid. Heilt frå 2007 har det gått sakte og sikkert nedover. Det har vore for mykje fokus på store som skulle komma, sjølv om det no ser ut som om Lyseparken kan vera inne på eit godt spor.

– Det er viktig at vi får ei breiare samanslutning som jobbar med dette. Næringsforumet er veldig positivt, men eg trur det er viktig at vi som politikarar held oss ute av det. Det vi kan gjera er å sørgje for at vi som kommune har ein strategi. Det ligg i kommuneplanen, men vi må bruka den og sørgje for betre kommunikasjon med næringslivet.

– TvS her etterlyst ved fleire høve ein turistinformasjon i Os.

– I det ligg det at vi har gode reguleringsplanar som er forutsigbare, også for næringslivet. Vi har mykje å læra av korleis det har utvikla seg dei siste ti åra. Eg er veldig lei meg når eg ser korleis Os sentrum har lidd over lang tid. Det gjeld ikkje berre frå kommunen si side, men òg frå oss som bur i bygda. Vi må bruka sentrum, oppmodar ordførarkandidaten.

– Vi treng å få på plass ein ny strategisk næringsplan og å følgja den opp. Gjerne med eit lokalt næringsselskap med fagleg tyngde og ei tydeleg organisering. Kanskje kunne det òg ha vore organisert interkommunalt.

– Når det gjeld Lyseparken så er det no vi har moglegheit til å ha dei langsiktige tankane. Etaten eg sjølv kjem frå, politiet, kan vera ein aktør å få inn der. Bergen treng ein ny hovudpolitistasjon og med beliggenheiten til Lyseparken kunne eit beredskapssenter vera noko å tenkje på. Ein bør òg sjå på moglegheitene for ei høgskule i området.

Areal/utbygging

– Arealplanen er det viktigaste styringsverkøyet vi har saman med regulerings- og bebyggelsesplanar. Den må vi klara å rullera kvart fjerde år. Ikkje med 12 års mellomrom, slik som sist. Desse planane er viktig for langsiktig planlegging og for å skapa forutsigbarheit. Vi kan ikkje ha det som i dag, kor posisjonen seier ja til alt.

– TvS er for fortetting, men ikkje einkvar fortetting. Det å godkjenna ein 6-mannsbustad i eit einebustadområde er uaktuelt. Då går det for mykje på dei som spekulerar sine interesser. Vi må vera meir nøye på å skapa gode grøne bumiljø. For meg er det viktig å ta omsyn til naboane.

– Vi bør òg oppretta eit eige byggeskikkutval som kan gje plan- og bygningsrådet (PBU) råd og vink. I dag klarar ikkje PBU å handtera dette sjølv. Det kan vera at det er eit fordyrande organ, men eg meiner vi får igjen for det seinare gjennom betre, kjekkare og koseligare bumiljø.

– Når eg ser det som skjer i sentrum blir eg livande redd. I dei reguleringsplanane som har vore handsama i sentrum det siste året er reguleringsføresegnene alt for slappe. Det kjem til å bli kaos forbi minneparken. Eg meiner framleis at vi skulle tatt oss tid til å utgreiia tunell under. Det ville skapt betre bumiljø, tryggare skuleveg og ei betre trafikal løysing. Det er enno ikkje for seint å gjera noko med det, meiner Terje Sperrevik, som òg vil ha tidlegare involvering av innbyggarane i plansaker.

– Det er viktig med god og tidleg involvering. Vi må gå litt lengre enn det lova seier med å involvera innbyggarane. Vi må stimulera til debatt i ulike fora for å finna dei gode løysingane. I dag blir for mykje bestemt på bakrommet. Dessuten må vi ha tydelege målepunkt undervegs. Vi må klara å skape eit engasjement rundt det som skjer i bygda vår.

– Vi må òg få til rimelege bustader til unge. Ta planane for dette på Kuventræ. Eg er ikkje nøgd med den løysninga som ligg der no. Bygningane må i mykje større grad tilpassast det eksisterande.

– Vi må òg få utbyggarane til å fokusera meir på dei grøne lungene i planane. Det skal være trygt og grønt. Vi må få slutt på ei rasering av natur og nærmiljø under dekket av å skulle fortetta. Slik det blir praktisert i dag er det planlaust.

Samferdsel/trafikk/veg

– TvS vil ikkje ha bru over Bjørnafjorden. Vi meiner den indre traseen er betre i eit lengre perspektiv.

– Vi meiner òg at Hatvikvegen må byggast ut før Bjånesutbygginga og at fylkesvegen gjennom Lyseklosterdalen må utvidast til to felt. Det vil sikra større grad av trafikktryggleik. Vi vil òg støtta ein ny ringveg vest mellom Hildershamn og Drange, men vel så viktig er det at vi får rydda opp på dei riks- og fylkesvegane vi allereie har i kommunen.

– Gang- og sykkelveg frå Hatvikvegen til og med Vallebrua må på plass i denne perioden. Det same gjeld biten frå Lidl-lageret til Irgenskrysset og gang- og sykkelveg frå Sperrevika til Sørstraumen i Lysefjorden. Vi er nøydd til å legga eit tverrpolitisk press på fylket for å få rydda opp i disse trafikkfarlege strekningane.

– For oss er det òg viktig å sikra Rødsliane og Øvredalsvegen mot ras og at vi framleis har ein hurtigbåtløysing til nabokommunane våre.

Kommunen sin økonomi

– Eg er uroa for at lånegjelda har auka så kraftig. Fra dagens styre begynte til i dag har den auka frå 2-300 millionar til vi no nærmar oss 1,6 milliardar. Det er formidable pengesummar og ei stor bør som framtidige generasjonar arvar.

– Det er greit at vi er ei vekstkommune og at vekstkommunar treng å gjera investeringar. Nett no har det vore rom for det grunna den låge renta, men som for privatøkonomien skal det betalast tilbake.

– Det eg er glad for, er at vi flytta OHARA dit vi gjorde. Hadde det blitt lagt til Kuhnle eller Moberg ville det ha skapt negative opplevingar for naboane.

– TvS seier nei til eigedomsskatt, men eg er redd neste generasjon ikkje kjem utanom med den lånegjelda kommunen har dratt på seg.

– Når det gjeld kommunereforma, så seier vi nei til Bergen. Eg kan heller ikkje sjå at Fusa har noko for seg. Eg trur ikkje det vil bli eit lykkeleg ekteskap om vi skal vera ei kommune som strekk seg heilt til Hardangerfjorden. Det må vi vera ærlege på og ikkje kasta blår i augene deira. Eg trur Kvam, Samnanger og Fusa høyrer meir naturleg saman.

Os om 15 år

Avslutningsvis har Midtsiden utfordra ordførarkandidatane til å kikka litt inn i glasskula og fortelja kor dei trur Os er om 15 år.

– Då trur eg vi er 28 000 innbyggarar, kanskje opp mot 30 000. Vi har fått ein flott tettstad i Lyseparken som er velfungerande, grøn med hypermoderne energiforsyning. Truleg òg den einaste staden i Os med høge hus.

– Vi har fått E39 frå Bergen til Os, men den stoppar her. Vi har utvikla kommunen som den perla den er med fjord, fjell og naturlandskapet og har bygd vidare på vår eigen identitet. Vi har skapt opplevelsesturisme med dei kvalitetene vi har i bygda og Bjørnafjorden.

– Osøyro er ein liten tettstad, ei bygd, med ei blanding av sørlandsk og vestlandsk byggestil kor folk trivst og kor mindre næringsaktørar blomstrar. Det har kome ei kjøpesenter i Næringsparken med lokk over til Giskavollen og veg i tunnell under skulane.

– Ein Ringveg aust/vest er etablert frå Hegglandsdalen og Hatvik til Endelausemarka. Bjånes har ikkje blitt så stort som planane i dag er og vi har ringsbussar som går både på ringveg vest og ringveg aust. Vi har sett store endringar i forhold til i dag, samstundes som vi har klart å ta vare på den grønne strukturen i bygda.

– Vi har begynt å bygga ein ny sjukeheim og vi har fått skule i tilknytning til bustadområda i Lyseparken.

– Eit fotball-lag frå Os har kome seg til eliteserien og vi er framleis flinke på sang og musikk. Kommunen støttar aktivt opp omkring det frivillige lagslivet gjennom ein styrka frivilligsentral.

– Bru over Bjørnafjorden er ikkje komme. I staden går elektriske ferger, lydlaust og stille. Det er store diskusjonar om kommunesamanslåing.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.