Rolf Monsen (t.v.) stiller ut i Vedholmen Galleri, Arne Ingvaldsen i Oseana. (Pressefoto)

Møter publikum laurdag

Både Vedholmen Galleri og Oseana Hvelvet har vernissasje i morgon.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Vedholmen Galleri byr på si første separatutstilling med kunst av Rolf Monsen, Oseana Hvelvetopnar utstilling av Arne Ingvaldsen.

Begge kunstnarane er å treffa galleria sine vernissasjar.

Rolf Monsen (fødd 1946 i Bergen) er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi.

– Eit gjennomgåande element i Monsen sine bilde er menneskeliknande figurar, fortel gallerist Vibeke Harild hos Vedholmen Galleri.

Rolf Monsen skildrar bilda sine på denne måten: «Bildene mine er en kombinasjon av det planlagte og det som kommer underveis. Spenningen mellom menneskenes kunnskap og dyrenes virkelighet opptar meg. Jeg undersøker og finner nye visuelle ord og slik forstår jeg mer av tilværelsen. Uttrykk kommer kommer ofte når jeg våger å ikke å ha helt kontroll. Den underbevisste verden er også verden».

Gitarist Morten André Larsen står for musikalsk stemning under vernissasjen. Utstillinga er del av programmet for Kystsogevekene og står til 9. september.

Kunstsamtale i Oseana

Hvelvet opnar haustsesongen med kolteikningar av Arne Ingvaldsen.

Arne Ingvaldsen (fødd 1947 i Bergen) vaks opp i Os og er utdanna ved Arkitektavdelinga NTH og ved kunstakademia i Warszawa og Bergen. Dette er første gong han har separatutstilling i heimbygda.

Han skildrar bilda sine på denne måten: «Eg viser eit utvalg av teikningar med kol på papir. Nokre i form av korte seriar, andre som enkeltståande arbeid. I teikningane søker eg å komme nær eit uttrykk av noko som er konkret, tingleg, utan at det blir rein avbildning eller ei form for naturalisme. Teikningane mine kan gi inntrykk av noko tredimensjonalt og handgripeleg, samtidig som dei forblir reint grafiske objekt. I teikning finst dei sentrale elementa lys, rom og  masse, men på ein annan måte enn i skulptur. Kjelder til idear kan for eksempel vere ein solopplyst fasade, eit murhjørne, eit bretta, gjennomlyst papirflak. Eller reint abstrakte formidéar. Eg søker å drive inntrykka forbi eit realistisk stadium, til noko som kjennest meir allmenngyldig enn det umiddelbare synsinntrykket.»       

Som del av vernissasjen er kunstnarsamtale mellom Arvid Pettersen og Arne Ingvaldsen.

Fleire saker