Lokal | 16. aug. 2013

Møteulykke på Halhjemsvegen

To bilar braste saman på Halhjemsvegen på Lekven fredag morgon. Bilførar mistenkt for å vera rusa.

Møteulykke på Halhjemsvegen
Ein av dei to involverte bilane. (Mobilfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. aug. 2013 07:01

Fredag i 8.40-tida fekk politiet melding om trafikkulykke på Halhjemsvegen.

– Ein bil skal ha kome over i motsett kjørebane og kollidert med møtande bil, fortel Andris Hamre, Midtsiden sin journalist som er på staden.

Ingen skal ha blitt alvorleg skadd i ulykka, som skjedde mellom Lunde-Lekven-avkjørsla og brua som går over E39 på Lekven.

– Ein av bilførarane, ein mann i 30-åra, er mistenkt for å kjøra i rusa tilstand, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Vedkomande er busett Bergen.

Politi, brannvesen og ambulanse kom raskt til staden.

Det var dirigering på staden og trafikken glei fint forbi ulykkesstaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.