Sport | 09. okt. 2009

Møtte Brann-spelarar

I dag er siste dag for Rema 1000 Fotballskule på Kuventræ. I går kom to Brann-spelarar på besøk.

Møtte Brann-spelarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. okt. 2009 09:38

Bildeserie:

1 av 5

- Kvar blir det av alle saman? Det kjem jo ingen ut igjen, sa A-lagstrenar Frank Hellevik etter at dei første puljene med fotballskuleelevar hadde blitt sendt inn på det vesle møterommet i klubbhuset for å få autografar.

Ein halvtime venting blei lenge for dei 65 deltakarane, men Hellevik fekk senka støynivået frå barnehagenivå til førstegongstenestedisiplin då Brann-spelarane kom opp trappa. På ei linje gjekk dei inn for å få autografane til Kristian Flittie Onstad og Bjørnar Holmvik, men ikkje alle kom ut igjen for å sleppa andre til.

Vått, men kjekt
Rema 1000 Fotballskule er den første haustferie-fotballskulen i Os. Blant dei 65 deltakarane var det berre sju jenter.

- Vi har ikkje brydd oss om at det regna, seier Amalie og Merete.

I dag kan dei uansett kosa seg i skinande sol. Dei to elleveåringane synes det har vore ei lærerik veke.

- Vi har trent på vending, fintar og dribling, og så har vi spelt tre mot tre utan mål, for å øva på å halda ballen i laget. Og så var vi heldige, for vi fekk Jeanette (Kallekleiv, keeper på damelaget) som instruktør!

Har tru på Os
Både Onstad og Holmvik har spelt fleire kampar for Brann 2 denne sesongen. Neste gong dei kjem opp her er det kanskje ikkje som venar, men som motstandarar i kamp om opprykk til 2. divisjon.

- Austevoll er gode, og vinn nok dei siste i serien, trur Onstad.

- Eg kjenner Hellevik og har sett Os spela kamp. Det er eit godt 3. divisjonslag. Brann 2 er ikkje gode nok for 2. divisjon, meiner han.

Sjølv håpar han på å spela frå start for A-laget til Brann mot Vålerenga 18. oktober.

- Eg har vore skadd, så det har blitt ein del spel på Brann 2. Det tok tid å koma tilbake, men det gjekk jo fint mot Tromsø så eg håpar på å starta også mot Vålerenga, seier midtstopparen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.