Politi | 07. jan. 2024

Møtte ung mann i shorts klokka 04 i natt

Vandra lettkledd i Os sentrum.

Møtte ung mann i shorts klokka 04 i natt
Politiet køyrde mann heim frå Os sentrum i natt. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. jan. 2024 07:40

I vinterens kaldaste helg til no, med temperaturar under 10 minusgradar, møtte politiet i 04-tida i natt ein mann i shorts.

– På bakgrunn av kulda blei vedkomande tatt hand om, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Vedkomande, ein mann i 20-åra, blei dimittert på bustad.

Tidlegare på natta, i 03.30-tida, kontrollerte politiet ein bil.

– Den hadde diverse tekniske manglar. Bilførar, ein gut i tenåra, fekk utlevert ein kontrollseddel med pålegg om å utbetra desse.

Politiet har fått gjentatte meldingar om folk på isen på ulike vatn.

– Oppfordringa vår er at alle sjølv må sjekka om isen er farbar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.