Kultur | 27. okt. 2010

Munch til folket

Edvard Munch var oppteken av at kunsten skulle ut til folket. Tordag kjem han til Os.

Munch til folket
Andris Hamreonsdag 27. okt. 2010 07:06

Christoffer Kobbeltvedt frå Munchgalleriet og Vidar Bratlund-Mæland inviterar torsdag til opninga av utstilling av Edvard Munch. Bileta som blir stilt ut er grafiske trykk frå den så kalla "Stenersenproduksjonen" kor Madonna og Pikene på broen kanskje er blant dei mest kjende motiva.

- Både Edvard Munch og Rolf Stenersen var opptekne av at arbeidet til Edvard Munch skulle ut til folket, fortel Christoffer Kobbeltvedt som forklaring på kvifor utstillinga kjem til Os.

- Samstundes er det viktig at vi jobbar opp aktivitetsnivået i bygdo i påvente av Oseana, skyt Vidar Bratlund-Meland inn.

Opningskonsert
Til opninga torsdag kveld kl 19 har dei to engasjert "The Robyns", eit nykomponert band sat saman for anledninga av Anne Solberg, Marita Hjelle, Stine Kobbeltvedt og Heine Salbu. The Robyns har teke musikken til den svenske dance-artisten Robyn og strippa han heilt ned til ein akustisk versjon.

- Det blir utruleg tøft. Bandet øvar på harde livet for å bli klare til opninga, seier Christoffer Kobbeltvedt.

Saman med The Robyns kjem òg Dixilandjazz med Geir Mildestveit, Harald Lekven, Knut Vidar Garlid, Nils Midtsæter og Norvald Kobbeltvedt.

På lerret
I tillegg til dei grafiske trykka frå Stenersenproduksjonen stiller dei ut fire litt større bileter produsert med ein avansert trykketeknikk kalla Giclée Fine Art print. Dette er oljemalerier som er repodusert i eit begrensa opplag på maks 99 eksemplarar.

- Ved å bruke denne teknikken får ein ei fantastisk gjengiving av originalen, fortel Kobbeltvedt.

Kvart bilete blir produsert individuelt og godkjennast og sertifiserast av BONO, Munch-museet og rettighetshavarane før dei blir levert kjøparen.

Dei fire motiva er "Det syke barn", "Madonna", "Solen" og "Vårpløying".

Håpar på stort frammøte
Dei to arrangørane håpar mange finn vegen til Solbakkestova torsdag eller i løpet av helga.

- Vi har allereide 300 som via facebook har sagt dei vil koma, avsluttar dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.