Lokal | 04. feb. 2016

Mystikk i lufta

Det er mykje mystikk å spora i området rundt kyrkjetunet for tida. Det er opplading til tårnagent-helg.

Mystikk i lufta
Det vert søkte etter tårnagentar blant 9-åringane i Os. (Foto: Cathrin Valestrand) 
Cathrin Valestrandtorsdag 04. feb. 2016 07:50

Bildeserie:

Tårnagenthelga vert full av mystikk. (Foto: Cathrin Valestrand)
Tårnagenthelga vert full av mystikk. (Foto: Cathrin Valestrand)
Trusopplæringsmedarbeidarane Gro Helen Skjælaaen og Hege Varhaug-Lekven ser fram til ei spennande helg saman med engasjerte niåringar. (Foto: Cathrin Valestrand)
Trusopplæringsmedarbeidarane Gro Helen Skjælaaen og Hege Varhaug-Lekven ser fram til ei spennande helg saman med engasjerte niåringar. (Foto: Cathrin Valestrand)
1 av 2
Tårnagenthelga vert full av mystikk. (Foto: Cathrin Valestrand)
Trusopplæringsmedarbeidarane Gro Helen Skjælaaen og Hege Varhaug-Lekven ser fram til ei spennande helg saman med engasjerte niåringar. (Foto: Cathrin Valestrand)

I slutten av januar gjekk det ut eit superhemmeleg brev til tredjeklassingane i Os. Tårnagentar søkjast til Os kyrkje, og berre dei som blir ni år i år kan vera med. Trusopplæringsmedarbeidarane Gro Helen Skjælaaen og Hege Varhaug-Lekven står i spissen for å finna Tårnagentar.

– Tårnagentane er eit nasjonalt opplegg som har eksistert i mange år. Men det har ikkje vore i Os før. Det gjekk ein serie på Nrk i jula for nokre år sidan med same namn. Konseptet er omlag det same.

Mystiske agentar

– Os kyrkje har utarbeidd ein trusopplæringsplan der ein inviterer inn til ulike opplegg for kvart alderstrinn. Tårnagenthelg er tilbodet for 9-åringane dette året.

– Eigentleg så er det heile så hemmeleg at vi kan ikkje seie så mykje. Men, 13. og 14 februar er det tårnagenthelg. Vi har eit tak på 80 deltakarar, så for dei som ikkje har meldt seg på enno er det førstemann-til-mølla som gjeld.

– Dei som har melder seg på, får tilsendt passordet som dei skal nytta for å koma inn på agentsamlinga. Der skal vi løysa oppdrag ilag, og alle agentar får både «agentkoffert» og agentbevis.

Dusør

Men det er veldig mystisk det heile, noko som også viser att i kommunikasjonen med foreldra.

– Det viktigaste med å vera ein god agent er å vera god mot andre, hjelpa andre, og bry seg om dei rundt seg.

Ein annan ting er at tårnagentane skal få vera med å oppdaga noko ingen andre born i Os har sett. Det blir veldig spennande.

Tårnagenthelga vert avslutta med gudsteneste søndag føremiddag.

– Det blir ei spenstig og litt annleis gudsteneste. Det siste agentoppdraget får tårnagentane under gudstenesta, og greier agentane å løysa alle oppdraga sine får dei dusør.

Utprøvd på Jæren

Opplegget er nytt i Os, men dei har bygd sitt tårnagent-konsept på eit vel utprøvd frå Varhaug kyrkje på Jæren.

– Det er sjølvsagt basert på det nasjonale opplegget, men med litt tilpassing. Vi har sjølvsagt tilpassa dette til Os kyrkje. Det er ikkje berre ein happening, og tant og fjas denne helga, men faktisk er det mykje opplæring i dette. Foreldre er velkome til å vera med som englevakter, og bidra med praktiske oppgåver undervegs. Vi håpar mange vil vere tåragentar med oss, og vi gler oss i alle fall veldig, avsluttar dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.