Lokal | 22. apr. 2018

Naboane tok tak

Rydda badevika i Skeisstøa for boss. 5. mai kan du også gjera ein innsats.

Naboane tok tak
Naboane i Skeistøa gjekk saman og rydda badevika (privat foto)
Andris Hamresøndag 22. apr. 2018 14:57

Bildeserie:

Det blei det mange bossekkar av (privat foto)
Det blei det mange bossekkar av (privat foto)
Etterpå var det grilling og sosialt samvær (privat foto)
Etterpå var det grilling og sosialt samvær (privat foto)
1 av 2
Det blei det mange bossekkar av (privat foto)
Etterpå var det grilling og sosialt samvær (privat foto)

Laurdag samla naboane i Skeisstøa på Nore Neset seg for å ta eit tak i lokalmiljøet.

– Omlag 25 vaksne og born stilte i ryddeaksjonen, fortel Jan Kristian Rokne.

Både badevika og vegen ned til den blei rydda, og det tok ikkje lang tid før dei første bossekkane blei fylt.

– Etter omlag halvanna time med rydding, samla vi oss nede i badevika til grilling og sosialt samvær. Ein kjekk og fin måte å bli betre kjend på, samstundes som vi fekk gjort litt nytte for oss, smiler Rokne.

Stor strandryddedag

Naboane i Skeisstøa var med det tidleg ute i høve den store strandryddedagen som blir arrangert 5. mai i regi av Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og BIR.

– Det er med glede vi kan fortelje at BOF, KNBF Vest og renovasjonsselskapa BIR, Fjellvar A/S, IHM og NGIR har mottatt økonomiske midler frå Miljødirektoratet.

– På den måten kan vi halde fram arbeidet knytta til håndtering av eigerlaust marint avfall, skriv BOF i ei pressemelding.

Slik går du fram

I pressemeldinga følgjer òg informasjon frå BIR om korleis ein går fram.

Du kan hente strandryddesekker på alle våre gjenvinningsstasjoner, fylle dem med plastboss fra en strand og levere de gratis til alle våre gjenvinningsstasjoner. BIR får kampanjemidler fra Miljødirektoratet og Hordaland fylkeskommune til å dekke utgiftene knyttet til strandrydding.

Gratis levering av plast plukket på strender

Avfall fra en strandrydding kan leveres gratis til alle våre gjenvinningsstasjoner så fremt dugnadsbosset leveres i de gjennomsiktige strandryddesekkene som både BIR og BOF deler ut. Disse sekkene får du tak i på alle våre gjenvinningsstasjoner. BIR kan også ta imot strandryddesekker på ordinær rute for restavfallsbilen etter avtale. Strandryddesekkene må da plasseres ved en av våre hyttecontainere, gjerne ved en kai. Slik levering av strandboss må avtales før ryddeaksjonen og vi må informeres etter dugnaden om antall sekker og nøyaktig hentested.

Registrer din dugnad

Registrer gjerne din dugnad på Hold Norge rent sin ryddeportal.Der finner du også en oversikt over strender som trengs å ryddes, se hvilke som allerede er blitt ryddet eller meld inn strender du vet trenger å bli ryddet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.