Næringsliv | 06. jan. 2011

Naboar vil bli høyrt

Naboar til Irish Cat reagerer på at dei ikkje har blitt høyrt i noko dei meiner er vesentleg endring i bruk av lokala og derfor søknadspliktig.

Naboar vil bli høyrt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. jan. 2011 08:02

I november fekk Irish Cat skjenkeløyve og i desember var det opningsfest i den nye nattklubben i Os sentrum. Sidan tiltaket ikkje er søkt om har heller ikkje naboane fått varsel, noko som igjen ville gjeve dei eit høve til å seia si meining om saka.

- Ifølgje plan- og bygningsloven er endring frå restaurant til nattklubb så vesentleg endring, blant anna når det gjeld omgjevnadane, at endringa skal søkast om, seier Terje Haugan frå Bergen Eiendomsrådgivning AS.

Bergen Eiendomsrådgivning forvaltar fondet som eig Oshjørnet, bygget tvers over gata for Irish Cat og Fagerthun-huset. Oshjørnet fekk tidlegare i haust godkjent reguleringsplan som blant anna omfattar ombygging og bygging av nye husvære for sal.

Stor eller liten endring?
Det var då Irish Cat i november fekk skjenkeløyve til klokka tre om natta at Haugan, på vegne av Oshjørnet-eigar, reagerte. I eit brev til Geir Heldal (25. november), som sit med byggesaker i Os kommune, spør han om kvifor tiltaket ikkje er søkt om slik at naboane kunne bli høyrt. Heldal sendte så brev til huseigar Anders Fagerthun og ba han gjera greie for både kva arbeid som er utført i bygget og om tidlegare bruk av lokala i forhold til dagens nattklubbdrift.

Fagerthun fortel i brev til Heldal 17. desember om generell oppussing innandørs og god lydisolering. Han fortel også om tidlegare drift av restaurant, pub og selskapslokale der det i periodar har vore opptil 200 gjestar samstundes og aktivitet fram til klokka 2.30 om natta. Han skriv av sjølv om drifta i nyare tid har vore noko rolegare, så er forskjellen liten mellom dagens drift og tidlegare drift sett i eit lengre «og riktig» perspektiv.

Heldal såg på svaret frå Fagerthun som godt nok og svarte Haugan med at tiltaket ikkje var søknadspliktig.

- Eg kjenner ikkje heile historikken til Fagerthun-huset, men synes likevel det er rart om ikkje endringa frå restaurant og pub fordelt over tre brukseiningar til 250 til 300 gjestar samlet i éin nattklubb, som er open til 3.30 om natta, er vesentleg endring, seier Haugan.

Han meiner det ikkje kan vera tvil om at støybelastinga for omgjevnadane blir langt større med denne endringa og utvidinga.

- At det dessutan er gjort omfattande byggearbeid innvendig, utan at det er søkt om, så strenge som reglane er for slike ting i dag, synes eg også er merkeleg. Dei nye byggeforskriftene gjev i dag huseigarane svært lite handlingsrom før søknadskrav inntreffer.

Ikkje imot nattklubb
Før jul fortalte Haugan om leigekontrakten med ein annan nattklubbi Os, Opus Café og Bar i Oshjørnet, delvis med same eigar som Irish Cat (Espen Risti). Opus har drive som nattklubb, sjølv om kontrakten ifølgje Haugan seier noko anna. Men frå og med 1. januar i år vil huseigar ha slutt på nattklubbdrifta i lokalet av omsyn til bebuarene i huset, no og i framtida.

Leigekontrakten går ut 1. oktober 2011, og Risti hadde planar om å driva Opus parallelt med Irish Cat ut kontraktperioden.

Med nattklubbnekt til Opus og brev om søknadsplikt for Irish Cat kan det virka som om Haugan vil ha slutt på nattklubblivet i Os sentrum.

- Det vil eg absolutt ikkje, men oppdraget vårt er å ta vare på investeringa eigarane av fondet som eig Oshjørnet har gjort.

- Når vi står i fare for å få permanent nattestøy rundt komande husvære så krev styret at vi seier ifrå. Vi må finna ein måte å leva saman på for dei som treng ro på nattestid, og dei som ikkje treng det. Slike utfordringar kan best løysast ved reguleringsplanarbeid. Kommunen har for eksempel skilta kjørerestriksjonar i sentrum på nattestid for å skapa ro i sentrum!

- Hadde tiltaket over gata blitt søkt om så kunne det blitt stilt krav relatert til støy, drivarane av Irish Cat ville fått større ansvar for omgjevnadane. Også andre instansar har sikkert interesser i saka, som kan koma fram ved søknad.

Ja = nei?
Bergen Eiendomsrådgivning meiner Os kommune ikkje er tydelege nok på korleis dei vil utvikla Os sentrum.

- Styret er uroa for planane i Oshjørnet når nye husvære står i fare for å bli utsett for støy til 3-4 om natta kvar fredag og laurdag. Å vera ein ja-kommune er kanskje positivt, men seier kommunen ja til éin ting så seier dei i samanhengar som denne også nei til noko anna.

- Men det er politikarane som bestemmer, kanskje vil dei ha uregulert nattestøy spreidd over heile sentrum, kanskje ligg Oshjørnet midt i det som skal bli ei støysone. For at politikarane i det heile tatt skal få vurdera dette må dei ha ei sak, og utan søknad har dei ikkje ei sak å diskutera.

- Vi er avventande, men må dessverre kanskje vurdera annan bruk av lokalet enn bustadar. Kva som har vore vitsen med alt reguleringsarbeidet vi ha drive med er i så fall vanskeleg å forstå, seier Terje Haugan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.