Nådde ikkje heilt opp
Os hadde sjansar nok, men klarte ikkje stå imot eit sterkt Åsane 2 på Kuventræ i kveld.
Bildeserie:
Etter tre sigrar på rad tapte Os borte mot serieleiar Brann 2 måndag for ei veke sidan.
I dag tok dei imot Åsane 2, som låg to plassar bak Os på tabellen, og som Os slo 2-1 borte i vår.
Os - Åsane 2 0-3 (0-1)
Os: Andrew Todd (Kasper Færøvik) - Endre Brenne (Anders Havsgård), Adrian Valle, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Hassan El Fakiri (Thomas Fosen), Torgeir Lunde - Steffen Ljosheim (Emil Halver), Erik Kanestrøm - Marius Mikkelsen og Christoffer Hafsås (Stian Lunde).
Kampen starta i eit forrykande tempo, men heimelaget fekk etterkvart kontroll, var hissig på balgjenvinning, skapte sjansar og hadde det meste av presset.
Men i 20. minutt, i ein luftduell mellom Todd og Åsane sin Myrkaskog, noko Os-spelarane tolka som eit angrep på keeper, trilla ballen inn til 0-1.
Begge lag hadde fleire sjansar etter dette. Os sin største kom i 11. minutt då Kanestrøm skaut på keeper litt skrått på mål, og i 33. minutt, der det såg ut som om Ljosheim skulle utlikna på eit innlegg av Kanestrøm, men der ein Åsane-forsvarar pressa Os-angriparen til å skyta ballen over.
Todd ut med skade
Brenne, som har vore sjuk den siste veka, blei skifta ut med Havsgård i 26. minutt.
Todd deisa i bakken etter å ha blitt skvist mellom tre Åsane-spelarar i 36. minutt og blei erstatta av Kasper Færøvik.
Heimelaget pressa etter pause
Os starta andreomgangen best og hadde tre cornarar i løpet av dei første ti minutta etter pause.
I 60. minutt blei Hafsås og Ljosheim erstatta av Emil Halver og Stian Lunde. Halver fekk sjanse til å utlikna tre minutt seinare, men skaut over mål. Neste skot gjekk via ein forsvarar til corner.
Også El Fakiri, Valle, Mikkelsen og Kanestrøm hadde skot og heading på mål i kampen, men alle gjekk rett på keeper.
– Det hjelper ikkje at vi har mykje av banespelet, dessverre. Eg synest Åsane-forsvaret var gode og motstandarane samla sett var meir til stades, sa Hassan El Fakiri til Midtsiden etter kampen.
Åsane skåra i 70. og 81. minutt. Myrkaskog sette inn 0-1 og 0-2, Bruun-Hansen auka til 0-3.
Fem kampar igjen
Midtsiden sendte direkte før og etter kampen - sjå intervjua med El Fakiri på Facebook.com/Midtsiden
Os har fem viktige kampar igjen og har neppe råd til mange fleire tap om dei skal halda seg i 3. divisjon.
Neste kamp går òg heime, laurdag mot Arna-Bjørnar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.