Sport | 12. okt. 2019

Nær full pott på Stord

Haraldseid sendte Os i leiinga. Ein glipp i sluttminutta førte til poengdeling.

Nær full pott på Stord
Espen Haraldseid skåra sitt første mål for Os i dag, og sikra med det eit avgjerande poeng. (Lesarbilde, foto: Jeanett B. Kallekleiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. okt. 2019 13:33

Os på 8. plass spelte 1-1 mot Stord på 7. plass i dagens 24. serierunde.

Heime i vår tapte Os 0-1, i dag gjekk dei i føringa tidleg i 2. omgang.

– Første omgang var heilt open, men eg synest vi hadde dei største sjansane og burde ha leia til pause, seier Os-trenar Endre Brenne.

I 49. minutt sette Espen Haraldseid inn 0-1 til Os etter pasning av Roger Ekeland.

Dette er nysigneringa i sommar si første nettkjenning for Os.

– Resten av kampen jobba vi knallgodt defensivt, Stord klarte ikkje å skapa noko som helst. Banens klart beste i dag er kapteinen vår, Marius Haugland Mikkelsen.

Men ein glipp sendte vertane i angrep i 89. minutt, og kampen enda 1-1.

Stord - Os 1-1 (0-0)
Målskårar, Os: Espen Haraldseid (49.)
Os: Chris Sunde Midtun - Harry Moore, Andreas Støle-Hansen, Vegard Strønen Skeie, Anders Havsgår - Rune Mo, Torgeir Lunde, Marius Mikkelsen - Roger Ekeland, Espen Haraldseid og Sander Kvittingen.
Innbytarar med speletid: Elias Heggland Myrlid og Kristoffer Røttingen. Myrlid debuterte for A-laget i fjor, kampen i dag var hans første i 3. divisjon.

Sikra plassen i 3. divisjon

Os står med 6-2-4 på bortebane etter comebacket i 3. divisjon. Heime har det ikkje gått vegen, 3-2-7 før sesongens to siste kampar.

Dei neste rundane går heime mot serieleiar Vard Haugesund og borte mot Lysekloster.

Os er uansett berga plassen etter at Vestfossen tapte 2-0 borte for Strømsgodset 2 på måndag.

Dei låg 45 mål bak Os, og hadde ein teorietisk sjanse til å ta Os igjen i løpet av dei siste tre rundane. Men med dagens poeng er Os uansett sikra.

• Terminliste og tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.