Næringsliv | tre timar sidan

NÆRINGSNYTT: Unge gründerar, nye rektorar og fleire bustadar?

To ungdommar har starta servicefirma. To skular får nye rektorar frå hausten. Og på Hjelle kan fleire bustadar bli del av utviklinga rundt Borgafjellet.

NÆRINGSNYTT: Unge gründerar, nye rektorar og fleire bustadar?
Folk som tar fatt – får ting til å skje. Henrik Hop (t.v) og Haftor Dressel Rasch har starta eige firma. Illustrasjon øvst i midten: Arkit AS. Øvrige foto: Midtsiden (arkiv)
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokatorsdag 28. mai 2026 15:19

Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.

Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.

Starta firma før ferien

Haftor Dressel Rasch fyller 14 seinare i år. Henrik Hop er 15. Saman er dei i gang med Dressel Hop Service.

Firmaet driv med terrassevask, fasadevask og enkelt hagearbeid. Då Midtsiden møtte dei i Sørstrøno, var dei på sitt fjerde oppdrag.

– Eg liker å jobbe og liker å sjå resultatet. Tidlegare har eg tilbydd naboar å moka snø for dei, og stått opp tidleg for å jobbe før eg går på skulen, fortel Haftor.

Sidan Haftor ikkje er gamal nok til å starte enkeltmannsføretak, spurde han den eitt år eldre kameraten Henrik om han ville vere med. Dei to kjenner kvarandre frå Os skulekorps, der begge er musikantar.

– Det er kjekt å jobbe og lærerikt å stifte firma, seier Henrik.

Førebels har inntektene vore høgare enn etableringskostnadane. Foreldra har lånt dei utstyr, men noko har dei unge gründerane allereie investert i sjølve.

– Vi har brukt nokre av pengane vi har tent til å kjøpe vår eigen skøyteleidning.

No håper dei på travle ettermiddagar og helger fram til ferien, når dei kan jobbe endå meir.

Nye leiarar ved to skular

Også i skulen blir det nye roller frå hausten.

Torgeir Skjælaaen er tilsett som ny rektor ved Borgafjellet barneskule. Han har vore rektor i gamle Os kommune tidlegare, men har dei siste 7,5 åra leia Slettebakken skole i Bergen.

No flyttar han arbeidskvardagen tilbake til bustadkommunen.

– Eg har sett på mogelegheiter for å jobbe i Bjørnafjorden igjen, og dette var ei stilling som interesserte meg.

Borgafjellet barneskule opna i 2021 og feira nyleg femårsjubileum. Skjælaaen seier han er nysgjerrig på skulen, elevane, dei tilsette og foreldra.

Han er også oppteken av rolla skulen kan ha utanfor skuledagen.

– Borgafjellet skule ligg ein stad det berre har vore skule i fem år. Eg antar at dette er noko som kan vidareutviklast.

På Nore Neset ungdomsskule blir det også ny rektor. Vivi Irene Fosse kjem frå jobben som rektor ved Fusa ungdomsskule, og startar på Nore Neset 1. august.

– Eg gler meg veldig til å bli kjent med elevar, tilsette og føresette på Nore Neset.

Fleire bustadar på Hjelle?

Rundt Borgafjellet kan det også kome fleire naboar i åra framover.

Kommunen har varsla oppstart for detaljregulering av Bleka på Hjelle, på eit område over Eventus Borgafjell barnehage og nær Borgafjellet barneskule.

Planen er å legge til rette for inntil ni firemannsbustadar, totalt inntil 36 bueiningar. Det skal også vurderast interne køyrevegar, parkering, renovasjonsløysing og felles ute- og leikeareal.

Eksisterande barnehage er teken med i planavgrensinga for å sikre ei heilskapleg og trafikktrygg løysing for felles avkøyrsle.

Kommunen ser både fordelar og ulemper med auka tettleik i området. Det ligg tett på skule og barnehage, men har betydeleg avstand til andre tenester.

Frist for å uttale seg om oppstart av reguleringsplanen er fredag 5. juni.

Tips oss gjerne

Det var nokre av sakene frå oss for denne gong.

Har du tips om folk som får til noko, planar som er på gang, eller saker du meiner vi bør sjå nærare på, høyrer vi gjerne frå deg.

Du når redaksjonen på tips@midtsiden.no, og meg på marie@midtsiden.no.

Beste helsing

Marie Kroka

Journalist

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?