NÆRINGSNYTT: Vekst, utvikling og medverknad
Utvikling skapar både aktivitet, spørsmål og engasjement.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
15.000 turar på to hjul
Då Voi etablerte seg i Os i fjor, var det knytt spenning til korleis tilbodet ville bli tatt imot. Så langt i år er det registrert over 15.000 turar fordelt på rundt 1.400 brukarar.
Ifølge kommunikasjonssjef Øystein Rikheim Sundelin er det særleg pendlarane som har gjort elsparkesyklane til ein del av kvardagen. Turar mellom bustadområde, busshaldeplassar, Osøyro og kjøpesenteret dominerer statistikken.
Selskapet har no om lag 120 syklar utplasserte i Os, nesten dobbelt så mange som ved oppstarten.
Ny giv for Midtsiden
Nyleg gjekk Midtsiden ut med det redaksjonen har kjent til ei god stund.
– Etterkvart som omsetnaden og mengda abonnentar auka, var vi førebudde på at det kunne kome eit bod frå ein større aviseigar, seier gründer og redaktør Kjetil Vasby Bruarøy.
Det skjedde i fjor sommar.
– Då byrja vi å diskutere eit alternativ, ein variant som inkluderte at eg framleis har nokre aksjar, og held fram samarbeidet med folk eg har fått ein god og lønsam relasjon til, seier Bruarøy.
Bruarøy har selt seg ned frå 51 til 9,9 prosent eigarskap i selskapet han starta i 2001. Samtidig har han investert i Nisjemedier AS, som no er hovudaksjonær.
Bruarøy held fram både som redaktør og medeigar, medan eigarane varslar vidare satsing på lokalavisa.
– Målet er at fleire og sterkare eigarar både skal sikre ei endå betre utvikling av avisa. Garantien for drift i same retning som før, som lokalavis, ligg kanskje i historikken. Sturle, som er tidlegare konserndirektør i Schibsted, viste sans for Midtsiden allereie under første aksjekjøp i 2015. No har han vore ein partnar i drifta i 11 år, framleis med same kurs, seier Bruarøy.
Etterlyser meir dialog
Utvikling handlar ikkje berre om nye tilbod og nye eigarar. Ho handlar òg om korleis framtidige prosjekt blir forma.
I eit lesarinnlegg etterlyser naboar til den planlagde utbygginga på Steinneset meir openheit og dialog frå kommunen.
Dei meiner mange innbyggarar opplever uro knytt til omfanget av utbyggingsprosjekt som er planlagde eller under behandling på Osøyro.
– Mange lever over lang tid med spørsmål dei ikkje får klare svar på, seier Steinneset-naboane.
Naboane ber kommunen invitere til ope folkemøte om utviklinga.
Varslar folkemøte
Responsen frå politisk leiing kom raskt.
I eit tilsvar skriv ordførar Terje Søviknes at kommunen ønsker å legge til rette for folkemøte knytt til fleire store planprosessar, mellom anna hotell ved Oseana, bustader på Steinneset, ny kollektivterminal og utvikling av kaifronten.
Målet er å legge møta til tidspunkt der innbyggarane får høve til å sete seg inn i konkrete planar og kome med innspel før endelege vedtak blir fatta.
Midtsiden ser fram til å følge utviklinga.
Tips oss gjerne
Har du tips om folk som får til noko, planar som er på gang, eller saker du meiner vi bør sjå nærare på, høyrer vi gjerne frå deg.
Du når redaksjonen på tips@midtsiden.no, og meg på marie@midtsiden.no.
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist



