Båt og sjøliv | 02. juli 2021

Nærmar seg 20 gradar i sjøen

Fersk måling frå tre stadar i Bjørnafjorden.

Nærmar seg 20 gradar i sjøen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. juli 2021 13:28

Vêret blei som varsla fint og heitt frå midten av veka. Onsdag blei det ifølgje BT registrert 25,3 gradar onsdag og 26,1 gradar torsdag.

I dag skal det bli endå varmare, men korleis er badetemperaturane?

Bjørnafjorden kommune har ingen måling i år, men på Badetassen.no er det tre oppdateringar frå Bjørnafjorden i 12-tida i dag:

Mobergsvikjo: 19,1 gradar
Peraneset: 19,6 gradar
Vinnesholmen: 18,5 gradar

Kommunen sjekkar ikkje temperaturen, men måling av vasskvalitet held fram.

– Vi skal ta målingar i neste veke og seinare i sommar. Det hender sjeldan eller aldri at den er dårleg, men om nokon observerer utslepp eller noko som liknar forureining, ber vi dei kontakta teknisk vakt, seier einingsleiar Agnete Haugland.

Temperaturen på land er venta å gå ned til rundt 16 gradar laurdag, men skal opp igjen på over 20 gradar søndag og måndag - då med fare for nedbør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.