Kultur | 29. des. 2015

Nærmar seg 400 selte billettar

Osfest har starta rigginga til tidenes vesle nyttårsaftan-konsert i Os.

Nærmar seg 400 selte billettar
Rigginga til tidenes vesle nyttårsaftan er i gong (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. des. 2015 08:18

På same måte som første juledag-suksessen til Catten, at osingane ikkje har gløymd dei legendariske åra med Jada-ballet, er det tydelegvis mange som har vesle nyttårsaftan i ryggraden når det kjem til festar dei ikkje vil gå glipp av i jula.

– Etter årevis med fullt hus i Fjellheim gjekk vi i Osøren Blues og Jazzfestival-tida opp i 500 første året i Oseana. No kan det sjå ut som om vi passerer dette, seier Tor Egil Hylland frå Osfest.Arrangøren gler seg over godt førehandsal til Gina Aspenes, Pogo Pops og Rolling Clones onsdag.

– Vi har selt nesten 100 den siste veka og passerte 340 selte billettar måndag formiddag. Eg hadde trudd at 70 prosent av billettane skulle seljast i døra, men det vågar eg ikkje håpa på no.

Konserten er i Nore Neset Aktivitetshus, i sjølve hallen, og arrangørane rustar seg for opptil 1000 gjestar.

Tidleg start og trygg retur

Dørene opnar klokka 18, med vorspiel i Symrasalen for dei som er tidleg ute.

– Vi håper flest mogleg kjøper billettar på førehand, så det blir minst mogleg kø for å koma inn.

– Og så håper vi på mest mogleg betaling med kort i baren, at ikkje vi kjem skeivt ut med vekslepengar. Vi har fire betalingsterminalar, så det skal gå bra.

Konsertarrangørane skjenkar til klokka 2 og set opp bussar både til Os sentrum og til krinsane, i samarbeid med Os Taxi.

I løpet av kvelden kjem Osfest til å sleppa ei handfull artistar til Osfest 2016.

Frå før er det klart at både Vamp og Marcus og Martinus speler under Osfest 4. til 6. august neste år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.