Kommunen og kyrkja har mobilisert etter episoden med knivstikking på Os terminal søndag kveld.
Ein 16 år gamal gut er varetektsfengsla, sikta for drapsforsøk. Ein 15-åring frå Os ligg skadd på Haukeland universitetssjukehus.
Også Natteravnene i Os var tidleg på banen for å hjelpa.
– Vi var i dialog med ungdomsteamet allereie søndag kveld og natt til måndag, og undersøkte i går om vi hadde mange nok ledige ravner til å setja opp ein vaktplan allereie no, fortel leiar Jo Rune Uguluen Kristiansen.
Det hadde dei. No har Natteravnene nok frivillige til å starta allereie i vinterferien.
Natteravnene vil gå, primært i Os sentrum, frå klokka 17.30 i ettermiddag og kvar kveld til og med laurdag kveld.
– Natteravnene er ikkje eit vaktlag på noko måte, vi vil berre prøva å hjelpa til å møta ungdomane på best mogleg måte etter den alvorlege episoden.
Natteravnene kom i gang igjen i Os i 2020. I 2021 fekk dei òg MC-ravner. Mengda frivillige var stor i starten, no er vaktklaget noko mindre.
– Vi håper å rekruttera med oss fleire utover våren, seier Kristiansen.
Erik Ask, som både går natteravn av og til, og som styrer Facebook-gruppa «Oppslagstavlo i Os», fortel om god interesse for å hjelpa.
– Då eg la ut melding om at vi skal i gang med ravning igjen, fekk vi fleire nye medlemmar. Det var kjekt å sjå!
Natteravnene skal på stand på AMFI Os laurdag 9. mars og har årsmøte 11. mars.
– Etter det veit vi meir om korleis vaktene blir framover, seier Kristiansen.
Den opprinnelege planen var sesongstart over påske.
– Før gjekk vi heile året. Men det er veldig få ungdomar ute om vinteren, så for ikkje å slita ut mannskapen, bestemte vi oss for å runda av i starten av november, og heller byrja å gå igjen over påske.
– Hender det òg at ravnene har avverga fysiske konfliktar?
– Vi er som sagt ikkje noko vaktlag. Men vi er vaksne med same plikt som andre til å gripa inn om nokon er til fare for seg sjølv eller andre.
– Eg har ikkje opplevd sjølv å avverga noko, men eg har høyrd om vaktlag som har kome inn i situasjonar som har roa seg i staden for å eskalera. Det kan nok ha ein effekt at det kjem uniformerte vaksne til staden, om ungdomar kranglar.
– Natteravnene som er ute fortel om veldig fin kontakt med ungdomen. Og så kjem det stadig nye ungdomar som veks opp, og vi håper å vera mange ute i felten også komande sesong.