Terje Søviknes, her i kommunestyret i februar, vil ha arealplanen ut på full høyring grunna større endringar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Terje Søviknes, her i kommunestyret i februar, vil ha arealplanen ut på full høyring grunna større endringar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Nei-kommunen er ein realitet

Lesarinnlegg: Får store negative konsekvensar for bustad- og grunneigarar.

Kjetil Vasby Bruarøy
27. juni 2020 - 9:54

Arbeidet med arealplanen for Os-delen av Bjørnafjorden rullar vidare, seinast i PBU-møte torsdag og fredag denne veka. Endringane som det politiske fleirtalet no gjer i planen får store negative konsekvensar for bustad- og grunneigarar i kommunen vår.

31. mars skreiv vi i FrP eit innlegg med tittelen «Millionverdiar i fare?». Etter at fleirtalspartia AP, SP, MDG, KrF og SV no har fjerna ei rekkje utbyggingsareal frå arealplanen kan vi stryka spørjeteiknet.

Fleirtalet har no med eit pennestrøk tatt ut ei rekkje gamle bustadområde frå planen, og ført desse areala attende til landbruk-, natur- og friluftsområde (LNF).

I tillegg er fleire nye byggeområder tatt ut av planen for å etterkomma signal frå fylkesmannen. Store verdiar går dermed tapt.

Og her er det ikkje berre store utbyggingsselskap som vert råka. Ute i krinsane er det også mange privatpersonar som sit på bustadeigedom som dei hadde tenkt å gje vidare til barn og barnebarn.

Frå FrP si side har vi argumentert for at arealplanlegginga må være føreseieleg, og at eigedommar som tidlegare er sett av til utbyggingsføremål, må bli liggjande ved denne rulleringa av arealplanen.

Vi har imidlertid tatt til orde for at vi i føresegnene bør leggja inn ei ny formulering om at utbyggingsområde det ikkje er starta regulering av innan 10 år skal vurderast på nytt ved neste rullering av planen. Då får alle grunneigarar og utbyggjarar rimeleg tid på seg til å realisera potensialet i eigedommane.

FrP har alltid verna om den private eigedomsretten og stått for ein JA-halding i arealpolitikken, men vi må no konstatera at Bjørnafjorden kommune dessverre er blitt ein NEI-kommune.

Vi har sett det i ei rekkje einskildsaker i plan- og byggningsutvalet det siste halve året, og innspurten i arealplanarbeidet syner det til fulle.

Det politiske fleirtalet har tatt eit tydeleg retningsval, og det verkar som ein no vil retta seg etter nær alt som kjem frå Fylkesmannen, Vestland fylkeskommune, Statens vegvesen og andre motsegnsinnstansar.

I praksis gjer ein knefall for Fylkesmannen. Det ønskjer ikkje FrP.

Vi skal sjølvsagt følgja plan- og bygningslova, nasjonale planretningsliner og føringar, men vi må aldri gløyma at det er kommunen som etter lova er planmynde. I dei fleste saker er det rom for skjønn, og det skjønnet er det dei folkevalde i Bjørnafjorden kommune som skal utøva. Vår fremste oppgåve som folkevalde er i ivareta innbyggjarane i Bjørnafjorden sine interesser.

Då må ein av og til ta ein kamp med overordna mynde som t.d. fylkesmannen. Eller som varaordførar Mikal Leigland (SP) uttrykte seg i sist kommunestyre i debatten om ein reguleringsplan på Drange; «det er ikkje Sponheim som skal styra utviklinga i Bjørnafjorden».

Fleirtalet i plan- og bygningsutvalet gjer no så store endringar i arealplanen at vi meiner planen må ut på full ny høyring.

I alle krinsane er det fjerna bustadareal utanfor det som er definert som sentersonar, og svært mange bustad- og grunneigarar er råka av endringane. Administrasjonen i kommunen har rådd til ei avgrensa høyring, primært til dei regionale høyringsinnstansane, men FrP meiner det ikkje er tilstrekkeleg. Alle må få høve til i å uttale seg til dei store endringane som plan- og bygningsutvalet no har gjort.

Samarbeidspartia AP, SP, KrF og MDG skriv forøvrig i den politiske plattforma si at ein legg vekt på openheit og auka innbyggjarmedverknad. Då bør også den reviderte arealplanen høyrast før den vert slutthandsama i Plan- og byggningsutvalet og kommunestyret.

FrP utfordrar difor leiar i plan- og bygningsutvalet Terje Sperrevik (SP) og ordførar Trine Lindborg (AP) til å avklåra om revidert arealplan vert sendt på full høyring før slutthandsaminga.

Terje Søviknes (FrP)
Gruppeleiar

Gustav Bahus (FrP)
Medlem plan- og bygningsutvalet