– Stadige ny omkampar om traséval i regionen vår er det berre innbyggarane i andre delar av landet som får glede av, skriv Vindenes (innfelt). (Skisse av bru over Bjørnafjorden: SVV)

Nei til bru over Bjørnefjorden er ingen garanti for ny E39 gjennom Fusa

Lesarinnlegg: Å ta oppatt allereie godkjente traséval plar sjeldan å føra fram til noko positivt.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fleire parti i Bjørnafjorden går til val på omkamp om traséval av E39. Dei vil ikkje ha bru over Bjørnafjorden og vil i staden ha E39 gjennom Fusa. Å ta oppatt allereie godkjente traséval plar sjeldan å føra fram til noko positivt.

Dei kan kanskje klara å utsetja bru over Bjørnafjorden og i verste fall syta for at brua ikkje blir ein realitet. Men det at det ikkje blir bru over Bjørnafjorden er ingen garanti for at ein faktisk byggjer ny E39 gjennom Fusa.

Med den rivande utviklinga innan ny ferjeteknologi som me har sett dei siste åra er det då sannsynleg at ein vil byggja ny E39 som planlagt over Tysnes og Reksteren, og byter ut brua med ferje mellom Reksteren og Halhjem.

I verste fall vil ferjesambandet Sandvikvåg - Halhjem bestå, og vera ein bremsekloss for utvikling av regionen vår i mange tiår frametter.

I tillegg vil det vera naudsynt å utvida Halhjemsvegen for å ha ein fullverdig 4-felts veg. Er det det ein ynskjer?

Eg skal ikkje leggja skjul på at eg var ein varm tilhengjar for at ferjefri E39 skulle byggjast etter det indre alternativet og jobba sterkt for det. Men eg var også tydeleg på at vi skulle ta diskusjonen på førehand, og når trasévalet var valt skulle vi alle gå for det, og arbeida for at ferjefri E39 blir realisert så snart som råd til det beste for heile regionen.

Stadige ny omkampar om traséval i regionen vår er det berre innbyggarane i andre deler av landet som får glede av.

Det er nok av godkjente veganlegg omkring i Norge som er klare til å overta plassen til Hordfast i komande Nasjonal Transportplan.

I komande kommunestyreperiode vil Bjørnafjorden Høgre arbeida for betre internkommunikasjon i kommunen, med betre ferjetilbod og gulstripe mellom Osøyro og Eikelandsosen. Vi skal òg starta opp forprosjekt for «Fjordkryssing» for å identifisera kva løysing den nye kommunen på sikt vil vera tent med.

Det vert ofte snakka om bru mellom kommunane, men det er godt mogleg at ein undersjøisk tunell vil vera ei betre løysing. Dette er noko forprosjektet vil gje svar på, og det vil vi koma i gang med snarast.

Høgre vil også vera ein pådrivar for at vegprosjektet Hordalandsdiagonalen blir ein realitet med trasé gjennom Fusa og påkopling til E39 i Os. Vi meiner at eit internt fjordkryssingsprosjekt bør sjåast i samanheng med Hordalandsdiagonalen.

Hordalandsdiagonalen, veg mellom E134 og Bergensregionen, er eit viktig prosjekt for nye Bjørnafjorden kommune.

Med Hordalandsdiagonalen gjennom Fusa vil vi oppnå alle dei same fordelane som ein bruker i argumentasjonen for den indre traseen, som betre intern kommunikasjon og nærheit til Bergensregionen. Og ikkje minst vil Hordalandsdiagonalen vera til stor nytte for næringslivet vårt, med god vegforbindelse mot austlandet og vidare til Europa.

Gjer vi dette på den rette måten vil Bjørnafjorden bli ein vinnar med både ferjefri E39 og Hordalandsdiagonalen gjennom vår nye kommune.

Godt val - stem Høgre!

Hans Vindenes
Listekandidat, Bjørnafjorden Høgre

Fleire saker