Samferdsle | 19. aug. 2023

Neste steg i Landboden

Den eine stengde staden blir delvis open, den andre blir flytta litt.

Dette stykket blir frå måndag ope utanom arbeidstid, men framleis stengt på dagtid måndag til fredag. (Foto: Susann Haukeland Børnes. Bildet er tatt onsdag)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. aug. 2023 07:08

Arbeidet med å skifta vatn og avlaup i Landboden held fram.

Dei siste vekene og fram til fredag 18. august var det stengt ved Postvegen og ved Os Aktiv.

Arbeidet ved Os Aktiv flyttar seg nærmare Tanngarden, arbeidet ved Postvegen blir no runda av på ein sånn måte om ettermiddagane at Landboden blir open etter arbeidstid.

Kart: Bjørnafjorden kommune

Informasjon frå kommunen:

Landboden – Stengt for gjennomkøyring mellom Os Sanitetsforening og Naustrekke/Baronsnaust veke 34 og 35.
Oshaugen: omkøyring om Finnebrekka.
Pågåande parallelle arbeid i og ved Landboden gjer at det ikkje er plass til både maskiner og gjennomgangstrafikk.

Landboden – Osøyro/Postvegen/Os Kyrkje: Vegen vert frå veke 33 delvis stengt for gjennomkøyring, det vil seia stengt i arbeidstid og open etter arbeidstid. Sjå skilt/markering på staden.
• Arbeid med kabelgrøft Postvegen – Os kyrkje
• Nedsetting av sandfang
• Tilkopling av diverse mindre drenering frå bygg og klargjering for nytt fortausdekke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.