Vêret i Os | 08. des. 2023

Nesten 20 gradar varmare på ei veke

Snart slutt på vinterstemning.

Nesten 20 gradar varmare på ei veke
Os hamn måndag denne veka. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 08. des. 2023 11:56

Etter den kaldaste novembermånaden sidan 2010 (på landsbasis), og ned mot rundt 10 minusgradar i Os i starten på desember, har gradestokken i dag kome seg over null.

Det er framleis opphaldsvêr, og det er meldt opphald til og med onsdag, med unntak av at Storm (men ikkje Yr), melder noko nedbør mellom klokka 12 og 18 laurdag.

Temperaturane skal halda fram med å auka til 3-4 gradar gjennom helga.

Det kan bli litt kaldare i neste veke, men frå torsdag er det venta 6-9 varmegradar og regn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.