Næringsliv | 23. mars 2010

Nesten 2007-nivå

Fleire på vising, varmare bodrundar og høgare prisar, eigedomsmarknaden i Os nærmar seg rekordåret 2007.

Nesten 2007-nivå
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. mars 2010 13:40

Det blei ifølgje ssb.no selt 128 bustadar i Os i 2009, éin busad meir enn i 2008, 17 færre enn rekordåret 2007.

- 2009 starta roleg, men tok seg kraftig opp, seier Åge Gulbrandsøy frå BO Eiendomsmegling. Selskapet heldt omsetnaden oppe trass i at dei reduserte frå 12 til 2 meklarar.

60 sal på to mann
BO Eiendomsmegling la i finanskrisa ned kontoret på Landås for berre å satsa frå base i Os. Selskapet kutta 10 av 12 stillingar, men Åge Gulbrandsøy og Ronnie Tveit held likevel oppe omsetnaden.

- Fjoråret blei veldig bra, ikkje minst resultatmessig. Vi heldt opp omsetnaden på rundt 60 bustadar frå året før, sjølv om vi hadde tilpassa oss vanskelegare tider.

Over takst
Daniel Røksund hos Eiendomsmegler Vest fortel også om gode tider. Til no i mars har han åleine selt 8 eigedomar, og seinast i går gjekk ein bustad for meir enn 400.000 over prisantyding.

- Ein bustad i Hegglandsdalen var annonsert til knappe 2,1 millionar, men enda med å bli selt for 2.550.000 kroner.

Arild Vikøyr hos Privatmegleren Bjørnefjorden seier det er fleire på vising og fleire som heng seg på stadig heftigare bodrundar.

- Ein kunde frå Bjørkhovda var nær på å selja privat for 2 millionar kroner. Kunden skulle på ferie og vi fekk oppdraget. Då han sette seg på flyet sto bodet på 2,1 millionar, då han landa i Spania var det oppe i 2,6,som det blei selt for.

Statistikk for Os
Rekordåret 2007 kan med betre tider og gigantprosjektet Os Sjøfront bli passert i år. I 2007 blei det selt 145 bustadar i Os mot 80 året før. Blant desse 145 var det 65 einebustadar og 80 småhus og husvære i blokk. Vi har i statistikken under samla "småhus" og "blokkleiligheter" og kalla dei husvære.

Eigedomssal i Os, år for år (tal på einebustad/husvære i parantes):
2002: 49 (38/11)
2003: 74 (47/27)
2004: 60 (39/21)
2005: 116 (60/56)
2006: 80 (41/39)
2007: 145 (65/80)
2008: 127 (62/65)
2009: 128 (63/65)

Ut frå statistikken ser vi at det er sal av husvære som i størst grad har påverka totalomsetnaden dei siste åra. Talet på einebustadar har lagt på over 60 4 av dei 5 siste åra medan talet på selte husvære har variert frå 39 til 80 frå 2005 til 2009.

Lågare snittpris
I 2002 var snittprisen per kvadratmeter einebustad i Os 10.573 kroner. Frå 2006 til 2007 auka den frå 15.031 til 18.438. I 2008 gjekk prisen ned til 17.540, i 2009 var nedgangen større, til 16.068 kroner.

For husvære har kvadratmeterprisen halde seg meir stabil, frå 18.695 i 2007 til 18.350 i 2009.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.