Lokal | 22. apr. 2020

Nesten vanleg rutetilbod frå måndag

Ber foreldre følgja med at det er plass.

Nesten vanleg rutetilbod frå måndag
Reiseråda gjeld framleis, men bussrutene kjem nesten tilbake til normalen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. apr. 2020 11:51

Det har vore redusert rutetilbod i Vestland fylke den siste månaden, i samband med smitteverntiltak mot koronaviruset.

Frå måndag 27. april blir det igjen endringar i rutetilbodet for kollektivtrafikken - denne gong omtrent tilbake til normalen.

I samband med at skular og studiestadar vert delvis opna, går Skyss tilbake til vanleg rutetilbod, men med tilpassingar av skoleskyss for 1.- 4. trinn og elevar i vidaregåande.

Frå fredag 24. april er reiseplanleggaren og appen Skyss Reise oppdatert med rutetidene gjeldande frå 27. april.

– Med den gradvise opninga av samfunnet gjer fylkeskommunen no alt vi kan for å tilby kollektivtransport til dei som treng det, samstundes som me rettar oss etter pålegga frå FHI og kommunane om smittevern, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding i dag.

Pålegget om å halde god avstand til kvarandre gjeld framleis.

– Sjølv om vi frå måndag set inn igjen alle bussar i trafikk, kan det på grunn av smittevernreglane vere at vi ikkje har plass til alle reisande på buss og bybane.

– Alle foreldre og føresette må følgja med på dette, slik at ikkje elevar vert ståande att utan nokon til å hjelpa seg til og frå skulen.

Nokon må kanskje køyra eller følgja borna sine til skulen i starten.

– Vi set inn ekstrabussar i skoleskyssen så langt det let seg gjere, for at det skal vere mogleg for skoleelevane å halde god avstand på bussen. Likevel ber vi også skoleelevar om å reise på andre måtar om det er mogleg, slik rådet er for heile landet. Årsaka er at alle bussar og bybanevogner er i trafikk morgon og ettermiddag, og då har me ikkje meir materiell å setja inn, seier fylkesordføraren.

I Bergen vil det framleis vere ekstratilbod til og frå Haukelandsområdet i rushtida morgon og ettermiddag:

Linje 20:
Frå Storavatnet terminal kl. 6:12, 7:00
Frå Haukeland sjukehus kl. 15:19, 15:34

Linje 25:
Frå Oasen terminal kl. 6:15
Frå Haukeland sjukehus kl. 15:10

Linje 27 køyrer som normalt og får to ekstraturar:
Frå Flaktveit snuplass kl. 6:05
Frå Haukeland sjukehus kl. 15:10

Linje 28 køyrer som normalt og får to ekstraturar:
Frå Oasen terminal kl. 6:15
Frå Haukeland sjukehus kl. 15:10

Linje 604:
Frå Osøyro kl. 6:00
Frå Haukeland sjukehus kl. 15:15

Bybanen får ikkje vanlege rutetider, men vil køyre kvart 5. minutt i rushtida morgon og ettermiddag, og kvart 10. minutt på dag- og kveldstid og kvart 10. minutt i helgen.

Nattavgangar for buss og bybane (inkl. Trygt Heim-rutene) er framleis innstilte inntil vidare.

Alle avgangar vil liggje i reiseplanleggaren på skyss.no og i appen Skyss Reise frå fredag 24. april.

Båt og ferje går framleis som normalt.

Sjølv om rutetilbodet no blir normalt fleire stader, understrekar vi at dette langt ifrå tyder at situasjonen er blitt normal.

Desse reiseråda gjeld framleis:

  • Unngå å reise kollektivt om du ikkje må
  • Det er ditt ansvar å halde god avstand til alle rundt deg, også til førar
  • Ikkje gå om bord utan at du ser at det er plass til å halde god avstand til andre reisande
  • Ha god hand- og hostehygiene
  • Dersom du er i karantene, sjuk eller har mistanke om at du er smitta, skal du IKKJE reise kollektivt
  • Dersom du kan: Reis utanom rushtida, gå, sykle eller ha heimekontor
  • Benytt bakre inngang på bussar
  • Respekter restriksjonar knytt til betaling og kjøp av billett
  • Ta omsyn til medreisande

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.