Politi | 28. juni 2022

Nestenulykke og køyring utan førarkort

Fekk speglet knust, men den andre bilen køyrde vidare.

Nestenulykke og køyring utan førarkort
Nestenulykka skal ha skjedd nær Kloster-ruinane. (Arkivbilde/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. juni 2022 07:58

Måndag formiddag rundt klokka 10.45 fekk politiet melding om ei nestenulykke på Lyseklostervegen.

– Meldar fortel at vedkomande måtte svinga unna for å unngå kollisjon, men at sidespeglet likevel blei knust, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Den andre bilen køyrde vidare utan å stoppa.

Registreringsnummeret på den andre bilen blei ikkje tatt, men det skal ha vore ein raud, liten bil, truleg ein eldre Nissan Leaf.

I 15-tida måndag stoppa politiet ein bilist på ein kommunal veg sør for Os sentrum.

Bilførar, ein mann i 20-åra, har ikkje førarkort og er meldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.