Brann og beredskap | 27. juni 2022

Brann i båt i Øyane

Utrykking til Toreidpollen måndag ettermiddag.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. juni 2022 13:17

Klokka 15 måndag opplyste Vest politidistrikt om brann i ein båt i Øyane.

Båten ligg fortøydd nær flytebrua over til Brattholmen, i Toreidpollen, og skal vera rundt 30 fot lang.

Bildeserie:

No står den trygt på MS Samba sitt dekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lesarbilde, tips@midtsiden.no
Lesarbilde, tips@midtsiden.no
Lesarbilde, tips@midtsiden.no
Båten låg i ein av det tre bryggeanlegga innanfor flytebrua til Brattholmen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
No står den trygt på MS Samba sitt dekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lesarbilde, tips@midtsiden.no
1 av 5
Lesarbilde, tips@midtsiden.no
Lesarbilde, tips@midtsiden.no
Lesarbilde, tips@midtsiden.no
Båten låg i ein av det tre bryggeanlegga innanfor flytebrua til Brattholmen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
No står den trygt på MS Samba sitt dekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Meldinga kom inn klokka 14.52. Vitne fortel til Midtsiden at politiet var raskt på staden, og skubba vekk nokre av dei nærmaste båtane for å hindra spreiing.

– Då eg svingte inn mot Inka var det ein god del røyk, og nokre opne flammar ut av båten, seier varabrannsjef Erik Walden.

Han kom åleine i kommandobilen, rett etter politiet, litt før resten av mannskapen.

Saman med politiet fekk han kappa nokre tau og fjerna dei nærmaste båtane.

– Vi fekk god hjelp av nokre sivile som kom i båt, som taua desse båtane vekk.

Også sløkkinga gjekk ganske raskt. Mannskapen er stort sett dei same som fredag var i Vargavågen, der tre båtar blei totalskadde i brann.

– Det såg ikkje ut som om fleire enn denne eine båten blei skadd i dag.

Politiet rekvirerte MS Samba frå Samba Marin som henta havaristen.

– Den tok inn vatn, så vi pumpa båten inntil Samba var i posisjon, fortel Walden.

Ingen er rapportert skadd etter brannen. Det er foreløpig ikkje sagt noko om årsaka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.