Kultur | 15. des. 2017

Nissemarsj i Hegglandsdalen

Dei yngste på skulen og dei eldste i barnehagen til skogs etter luciafeiring.

Nissemarsj i Hegglandsdalen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. des. 2017 08:23

Bildeserie:

1 av 3

Onsdag blei luciadagen markert i barnehagar og skular rundt om i Os.

I Kolskogen var ungar frå Espira og lagde stemning hos ungdomane på Os vgs, i Hegglandsdalen var det òg samarbeid mellom skule og barnehage.

– Etter luciafeiringa gjekk 4- og 5-åringane våre på tur saman med 1. og 2. klassingane i Hegglandsdalen barneskule, fortel pedagogisk leiar Gry Enoksen.

Nissemarsjen gjekk til Tveitaskogen. På vegen måtte det leitast, for nissen hadde nemleg mista votten sin.

– På vegen fekk dei ulike oppgåver dei måtte løysa. Dei måtte skriva nisserim, synga, laga englar i snøen og balansera.

Premien var nissemedaljar og snop. Og nissen sin vott blei funnen!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.