Nissemor stal showet
VIDEO: Julelysa blei tent på Amfisenteret i går, akkompagnert av ei dansande og i overkant kosete nissedame på rulleskøyter.
Torsdag ettermiddag var det levande musikk, nissebesøk og tenning av julelysa på Amfisenteret.
– Vi skal ha fleire kulturinnslag framover mot jul, blant anna kjem el-toget Tottotoget skal kjøra rundt i gangane med passasjerar, Vennebyen kjem og det blir rigga til sjølvbetjent juleverkstad i Casa-lokalet, der det nye apoteket opnar i februar, fortel senterleiar Anne Kristine Tøsdal.
I går var det barnekor og Nore Neset skulekorps som sto for musikken. Oppmøtet var veldig bra og mange kom stimande til då nissen endeleg kom ned rulletrappa frå kafeen.
Men ein annan nisse stal store delar av showet, ei nissemamma på rulleskøyter, med musikk i trillekoffert, suste rundt i gangane, opp og ned etasjane, og hausta latter, applaus og nokre litt undrande blikk då ho dansa, tulla og klemte på gjestane på senteret.
VIDEO: Sjå nissemor herja på Flåten Kafé. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)