Handball | 30. okt. 2023

NM-bronse til Os «piker 40»

– Kvartfinalen kunne ikkje vore meir spennande, men i semifinalen var det ikkje håp.

NM-bronse til Os «piker 40»
Veteran-damene til Os rakk så vidt å ta lagbilde med bronsemedaljen før dei skulle gjera seg klar til å ta gull på banketten. (Foto: privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. okt. 2023 10:27

Årets veteran-NM i handball blei arrangert i ulike hallar i Stavanger.

Mens piker 55 frå Os, som har hausta medaljar i ei årrekkje, gav seg på topp og la opp etter NM-gull i fjor, held dei neste årgangane veterandamer fram.

Os jenter 55 har vore i fleire finalar, også med gull som resultat. I år var deira siste NM, og dei avslutta på beste vis. (Foto: Privat)
Les ògGull og bronse i veteran-NM

Fleire av dei er fylt 50, men då dei har med seg ein del i 45-årsalderen må dei delta i jenter 40-klassen.

I fjor tok dei sin første medalje, også i år reiser dei heim med bronse.

Os sin bronsetropp (med lagleiarar til slutt): Katharina Lyssand Grøndal, Mona Stigen Heggeland, Anette Engelsen, Linda Østrem Lyssand, Johanne Sundvor, Jorun Holme, Linda Forstrønen, Hilde Brunvatne, Stine Drange Moldskred, Camilla Hjelle Fløysand, Karianne Moberg, Maria Therese Bjørdal, Kristin Davanger, Anita Norbeck, Hege Engelsen og Elisabeth Henriksen.

– Vi gjekk ubesigra gjennom gruppespelet, fortel lagleiar Hege Engelsen.

– I første kamp laurdag morgon hamna vi under 3-5 men så stengte Hilde Brunvatne igjen buret og vi slo Ørland 10-5.

Etter 9-6 over Urædd var Os klare for kvartfinale. Det blei ein thriller avgjort på noko som sjeldant i ein handballkamp som «overtid».

– Fløyta var gått, men vi hadde frikast.

Hege blei imponert over veslesøster Anette Engelsen i år òg.

– Ho klinte frikastet rett i tverrliger og inn! Dermed sto laga likt, det blei ekstraomgangar og vi vann 10-9 over Oppegård!

Anette og Camilla Hjelle Fløysand fekk null tid på benken, mens resten rullerte. Det blei litt skadar utover turneringa, så i kvartfinalen hadde dei berre éin innbytar.

– Då er det godt med ein siger som denne, helgas høgdepunkt! seier lagleiar.

I semifinalen møtte dei same motstandar som slo dei ut i fjor, Aksla, og heller ikkje i år var dei moglege å slå.

– Aksla er unge og gode, og vi var veldig slitne, så her fekk vi juling.

Os tapte semifinalen 4-18.

– Då var det berre til å gå og gjera seg klare til banketten!

– Dåke var blant dei beste der òg?

– Ja, vi vann banketten, opplyser Engelsen.

Midtsiden har foreløpig ikkje fått tilgang frå bilde frå festen.

Aksla vann søndag finalen 12-9 over Vikhammer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.