Kultur | 17. mars 2015

NM-klar musikkforening

Video: Sjå Os Musikkforening gjera dei siste krevjande førebuingane før NM og generalprøva i Oseana onsdag.

Andris Hamretirsdag 17. mars 2015 13:58

Dei siste månandene har Os Musikkforening lagt i selen for å øva inn stykket dei skal konkurrera med i NM for janitsjarkorps. Midtsiden var med på siste øving før dei onsdag inviterer til full gjennomgang på «Før NM-konsert» i Oseana saman med Fana Musikklag, Skjold Nesttun Janitsjar og Alvøens Musikkforening.

Dirigent Per-Lorentz Miloktzki var nøgd med mykje, men framleis var det små justeringar dirigenten ønskte seg.

– Kan 16-delsgjengen slippe melodien litt til.

– Klarer vi å samle oss litt meir i femte takten, undra Miloktzki før han svingte dirigentstokken for ei ny gjennomkøyring.

Kjekk prosess

Ruth Elin A. Midtbø fortel om ein krevande med kjekk prosess fram mot NM.

– Vi nærmer oss stort no.

– Med generalprøva på onsdag, så trur eg vi er der.

– Det er jo gjerne slik at vi ikkje er i endeleg mål før vi sit på scena på konkurransedagen.

Må passa korpset

Musikkforeninga skal spele to stykkjer under NM. Toccata e corela av bergenskomponisten John Brakstad og Jubilee Overture av Philip Sparke.

– Det å velgja ut musikken er i seg sjølv ei krevande oppgåve.

– Den må passe instrumenta vi har i korpset. Dei skal vera vanskelege, men ikkje så vanskelege at vi gir opp, så musikkutvalet saman med dirigenten har ein tøff jobb.

– Eg tykkjer dei har gjort ein god jobb. Det er kjekke stykkjer å spela, fortel Midtbø.

Førebuingane viktigast

I fjor enda Os Musikkforening på niande plass i 3. divisjon. Året før blei det tredje plass.

– Målsettinga må vel vera å hamne ein plass imellom der.

– Det er klart at det er kjekt om vi kan koma på øvre halvdel, men det viktigaste er eigentleg prosessen før NM med øvingane kor korpset jobbar saman og finpusser samspelet.

Gler seg

NM for janitsjarkorps blir kvart år arrangert i Trondheim. I år er det heile 121 korps som deltek i dei åtte divisjonane det blir konkurrert i. Til konserten i Oseana kjem Fana Musikklag, som spelar i 5. divisjon med dirigent Bjarte Riseng. Skjold Nesttun Janitsjar og Alvøen Musikkforening spelar båe i 1. divisjon og har sama dirigent, Bengt Florvåg.

– Vi gler oss stort til å høyra spennande korpsmusikk frå gjestene våre på onsdagskvelden, og så gler vi oss kanskje like mykje til ei spennande helg i Trondheim, avsluttar Ruth Elin Midtbø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.