Os Musikkforening med vener inviterer til «Før NM-konsert» i Oseana til veka (privat foto)

NM-oppkøyring i Oseana

Os musikkforening får med seg tre andre korps til «Før NM-konsert».

Av: Andris Hamre

NM for janitsjarkorps blir kvart år arrangert i Trondheim og er det største korpsarrangmentet i landet. Heile 116 vaksenkorps tek turen til bartebyen helga før palmehelga.

– Som ei generalprøve til dette inviterer vi til konsert i Oseanasalen førstkommande onsdag kveld. I år som i fjor får vi vitjing av gode musikkvener, fortel Kjersti Aak Garlid i ei melding til Midtsiden.

Og dei gode venene er Alvøens Musikkforening, Åsane Musikklag og Sandvikens ungdomskorps.

– Vi har øvd godt i mange veker på NM-musikkstykka og dette blir god konserttrening for korpsa før turen går til Trondheim berre få dager etter.

Åtte divisjonar

I Trondheim blir det tevla i åtte divisjonar. Sandvikens Ungdomskorps med dirigent Bengt Florvåg spelar begge i 1.divisjon, Os Musikkforening med dirigent Magnus Brandseth  i 2.divisjon og Åsane Musikklag med dirigent Patrik Randefalk i 3.divisjon.

– I Oseana blir det mykje flott musikk å høyre, mellom anna ein Stabsarabesk komponert av Olav Anton Thommesen på bestilling av Forsvarets Stabsmusikkorps i 1974. Komponisten vart inspirert av ei uvanleg musikkoppleving han hadde i Kairo – kan bli interessant å høyra. Vi får og høyre Eric Whitacre sin janitsjarversjon av hans eige korverk Lux Aurumque  som gjekk som ein farsott på YouTube nokre år tilbake.  For dei som er glad i store verk inspirert av mektig salmesong vil nok Philp Spark sin «Between the two Rivers» med vår «Gud han er så fast ei borg» som tema bli eit høgdepunkt, avslutter Garlid.