NM-sølv samanlagt
Karoline opplevde både protest, utforkjøring og startproblem, men med nokre rå forbikjøringar sikra ho 2. plassen i debutsesongen i rallycross.
Karoline Breivik (18) frå Os tok i helga NM-sølv samanlagt i junior rallycross.
I sin første heile sesong med rallycross har ho berre kjørt sin eigen bil to gongar, i første og siste av fem NM-rundar.
– Toyotaen, no med ny motor, er langt raskare enn peugeoten eg har kjørt i dei tre førre rundane. Men det var litt uvant så eg missa på første starten, seier Karoline.
Ho vann B-finalen, kom på 4. plass i A-finalen og fekk med rundt 170 poeng 4 poeng meir enn kjøraren på 3. plass. Vinnaren landa på rundt 200 poeng.
– Ho hadde nokre heilt rå forbikjøringar, fleire av dei var på langsida der publikum sat, så det blei mykje jubel. Ho kjører utan frykt, men med god kontroll, seier bestefar og mekanikar for Team Karoline, Håvard Gåssand.
– Bilen er også veldig god, det er berre nokre få som kjører betre bilar, og då er det oppe i 300.000 kroners-klassen.
Kollisjon og protest
Med miss på første start og hard konkurranse mellom dei ti konkurrentane blei det 5. plass etter innleiande rundar og førstespor i B-finalen på Karoline.
Før B-finalen hadde ho eit heat der ho låg på 2. plass, men hadde eit samanstøy med ein konkurrent som prøvde å kjøra forbi. Han blei diska, Karoline fullførte, men mista noko tid.
Og i sjølve B-finalen leia ho, men gjorde ein feil og hamna utfor med alle fire hjul.
– Reglane er sånn at det skal reagerast på, men sidan Karoline blei forbikjørt av to bilar mens ho var utfor, at ho altså ikkje tok ein snarveg, brukte juryen skjønn og avslo protesten.
Karoline henta seg opp igjen frå 3. plass og vann B-finalen.
Klubbløp med ny osing på banen
Med deltaking og fullføring av alle heat i NM, og ganske god kjøriung, blei det NM-sølv i junior til Karoline i hennar første heile rallycross-sesong.
Karoline har no to løp igjen før sesongen er over, klubbløp på Eikås og Vestlandsmeisterskap i Egersund.
På Eikås debuterer også veslebroren, Kristian (14).
– Kristian har vore i trening i sommar og får sin første heie bilcross-sesong neste år. Karoline er klar for ein ny sesong med rallycross, og i 2015 skal vi vera endå betre førebudd, no som vi kjenner den nye bilen betre.