Kultur | 31. mars 2010

- No blir dama glad!

Her er vinnaren av Gest-billettane.

- No blir dama glad!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. mars 2010 14:58

I overkant av 30 Midtsiden-lesarar sendte oss svar på spørsmåla og var med i konkurransen om to gratisbillettar til konserten med Gest og Piddi på Opus Café & Bar torsdag kveld.

Dei fleste hadde svart rett, men nokre få trudde Borgafjellet var like høgt som Liafjellet, altså 259 moh i staden for 353 moh.

Vi har trekt ut ein vinnar blant dei som hadde rett svar, og det blei Thomas Rotnes.

- No blir kjærasten min glad, seier Thomas då Midtsiden.no ringte for å fortelja at han stakk av med sigeren.

- Kine var på Gest-konserten i fjor, og hadde det veldig kjekt. Det var derfor eg sendte inn svar.

Thomas har vore på Borgafjellet før, men innrømmer at han måtte sjekka på nett kor høgt fjellet var før han sendte inn svaret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.