Lokal | 19. sep. 2016

No blir det belte-gebyr på bussen

Gløymer du å feste beltet når du tek bussen, risikerer du no 1500 kroner i gebyr. – Det er slutt på muntlege åtvaringar, seier Vegvesenet.

No blir det belte-gebyr på bussen
Ekspressbussar, som kystbussen, er av dei typene som skal ha belte installert til alle passasjerane (ill.foto: KVB)
Andris Hamremandag 19. sep. 2016 10:52

No kontrollerer Statens vegvesen beltebruk i busser over heile landet. Der du tidlegare kan ha slept unna med ei muntleg åtvaring får du no eit gebyr på 1500 kroner, kjem det fram i ei pressemelding frå Vegvesenet.

I vinter kontrollerte vegvesenet 16 300 busspassasjerar for beltebruk. 3 600 brukte ikkje bilbeltet. Statens vegvesen trur mørketala er store.

– Utan belte er du til fare for deg sjølv og dei du reiser saman med om det skulle skje ei ulykke. Gebyret i seg sjølv er ikkje viktig for oss, men eit viktig virkemiddel for å få fleire til å ta trafikksikre val, seier Anne Margrethe Bøe, som er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen i Region Vest.

– Denne veka vil vi gjennomføra kontroller av klasse 3-busser i alle dei tre vestlandsfylka. Vårt hovedfokus vil vera å informera og auke medviten om kor viktig det er å bruka bilbelte også på bussen.

Høg medviten, låg bruk

Kun èin av to seier dei hugser beltet i busser som har dette. Samstundes er heile 87 prosent klar over at det er påboden å bruke belte i buss når det er montert.

– Skadepotensialet i buss er enormt om det skulle skje ei ulykke. I ein kollisjon er det sterke krefter i sving. Beltet held passasjerane på plass i setet. Det kan redda liv, seier Bøe.

Åtte menneskjer blei drept i bussulykker i tidsrommet 2014 til 2015. Fleire av dei omkomne kunne ha redda livet om beltet hadde vore på.

Ikkje belter i alle bussar

Det der ikkje alle busstyper som har krav til belte. Dei som ikkje har det er busstyper kor ein òg har ståplassar og som er meint for lågare hastigheiter og med hyppige av- og påstigningar. Regelverket er likt i heile Europa.

– At ikkje alle busser har belte kan ikkje hindre oss frå å fortelje kor viktig det er å hugse beltet når du har det tilgjengeleg. Dei mest alvorlege bussulykkene vi har hatt i Noreg har vore i busser kor det har vore belte, men der dei diverre ikkje var i bruk, seier Bøe. Ho legg til at om alle fester beltet kvar gong dei har det tilgjengeleg, så er ein kome eit godt stykkje på veg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.