No blir det premieklipp
Toppen Frisør må truleg venta to månadar på å få lokalet tilbake etter flaumen førre veke. No har dei lånt lokale hos John Fagerthun.
Måndag morgon hadde Toppen Frisør dei to første kundane innom i deira nye, midlertidige lokale.
– Fleire frisørar har kome hjelpande til. Først Tojo, som vi fekk låna nokre kvadratmeter av dagen etter flaumen. Arne Hansen, som eig salongane på AMFI Os har ringt og tilbydd hjelp og Syrin og Guri vil vi no låna vask av, seier frisør Lena Stigen Mathisen.
6 til 8 veker
Det var onsdag kveld at det på kort tid kom over 50 mm nedbør i Os. Fleire sleit med dreneringa, ikkje minst på torget i sentrum, der slukane gjekk tett og torget sto som ei trakt med inngangen til Toppen Frisør som lågaste punkt.
– No er det bora hol i betonggolvet og det er store vasskadar. Vi har fått beskjed om at det må tørka i 3-4 veker. Så skal det byggast nytt golv, så det går nok 6 til 8 veker før vi er tilbake i lokalet vårt.
Fekk ny salong
Toppen var raskt på plass med kundane hos Tojo Frisør, men å stå 3 + 4 frisørar frå Tojo og Toppen side om side blei litt trongt.
Hos John Fagerthun, som etter at gullsmeden blei lagt ned har hatt pokalutstilling i lokalet på motsett side av gata, har Toppen no fått midelrtidig lokale.
– No har vi innreia med fem arbeidsstasjonar. Vi får ta vask hos Syrin og Guri Frisør fram til vi får kopla til vask her inne hos oss, seier Lena, takksam for all god hjelp etter at vatnet tok salongen deira.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.