No er det opp til Os(s)!
Fredrik Dahle Kristiansen i semifinale i Idol: Her er datoen, motstandarane og låtvalet.
Onsdag kveld blei 54 til 40, eller rettare sagt 41, som skal vidare i fem semifinalar i Idol på TV2.
Fredrik frå Os framførte ein laidback og rocka versjon av Ed Sheerans A Team og er vidare.
Sjå Fredrik si framføring onsdag på TV2.no
– Eg er nøgd med å koma så langt, men eg merker at eg får meir og meir lyst til å koma til finalerundane, seier Fredrik til Midtsiden.
Smal flaskehals
Neste runde, altså semifinalane, er den første direktesendte, den første der det er publikum sine stemmer som tel, og kanskje den smalaste flaskehalsen.
Som topp ti er det om å gjera å ikkje få færrast stemmer, i semifinalen må du vera topp 2 av 8 for å gå vidare.
– Eg har fått tilbakemelding frå dommarane om at dei synest eg kan verka litt uengasjert. Eg skjøner ikkje det, men denne gong skal eg visa både dei og publikum, seier Fredrik, som har valt låta «Sexy and I know it» av James Arthur.
Fredrik skal på scenen i fjerde av fem semifinalar, onsdag 1. oktober.
Her er alle deltakarane i Fredrik sin semifinale:
(Sjå også bildeserie øvst i artikkelen)
Charlotte Sally Aleah Johansen - «Stay», Rihanna
Ingrid Johansen - «Use somebody», Kings of Leon
Jessa Gunnarsen - «The prayer», Andrea Bocceli & Celine Dion
Jørn Trollebø Kvalheim - «Where do my bluebird fly», The Tallest Man On Earth
Fredrik Dahle Kristiansen - «Sexy and I know it», James Arthur
Ramón Torres Andresen - «Love Runs Out», One Republic
Sophie Strøm - «Heaven», Emili Sandé
Tara Lill Flåten Nicolaisen - «Put the gun down», ZZ Ward
Sjå oversikt over alle semifinalane, med bilde av deltakarane, på VG.no.
Stor stemning i fjor
Også osingen Eirik Søfteland, som kom på 2. plass i Idol 2013, var deltakar i fjerde semifinale.
VIDEO: Sjekk reaksjonen på vake i klubbhuset på Kuventræ då Eirik gjekk vidare!
Eirik hausta stemmer frå heile Noreg, men støtte frå heimbygda, som frå før har stemt fram oselvaren som Noregs nasjonalbåt, hadde nok mykje å bety.
Om det blir vake for Fredrik 1. oktober er førebels uvisst, men ei viss mobilisering blant venar og fans i Os blir det nok uansett.
Syng i Os laurdag
Mens Eirik hadde bra erfaring og ei viss fartstid i ulike band kjem Fredrik nærmast rett frå musikkbingen på Søfteland og inn i Idol-sirkuset.
Fredrik har i skrivande stund 284 følgjarar på facebook-sida si og merker at mange engasjerer seg.
– Eg får veldig mange hyggelege meldingar, det er overraskande kor mange som følger med og som støttar meg, seier Dahle Kristiansen.
Laurdag kan du treffa Fredrik og få ein minikonsert med han på Osmessa då musikkbingen på Nore Neset skal ha offisiell opning.