No kan du drikka vatnet
Os kommune opphevar kokepåbodet. – No er vatnet trygt å drikka, seier teknisk sjef Marianne Kramer.
Etter ei veke med intens arbeid med å erstatta den kollapsa vatnledningen i Krokvatnet oppheva kommunen tysdag morgon kokevarselet for dei som får vatn frå Os vassbehandlingsanlegg.
– Påkoblinga og arbeidet med å få ting i drift igjen har gått etter planen.
– Den siste tida har gått med til tuning av filtra slik at vatnet som no kjem ut til forbrukarane er reint og trygt og drikka, fortel teknisk sjef Marianne Kramer i Os kommune.
Varslinga gjekk betre
Meldinga om at kokevarselet er oppheva blei sendt ut på sms og telefon tysdag morgon. Varselet gjekk ut på same måte som då det blei innført.
– Så langt vi kan sjå har utsendinga gått betydleg betre no enn sist.
– Vi har samarbeida tett med leverandøren og gjort nokre innstillingar i systemet som har hjelpt.
– Eg ser rett nok at det er nokre få smsar som har feila, men dette kan til dømes vera feile numre, avsluttar Kramer.