Lokal | 31. juli 2018

No kjem det gangfelt ved Kloppamyra

Statens Vegvesen har bestemt seg. Trafikkteljingane viser at det er grunnlag for gangfelt ved Kloppamyra.

No kjem det gangfelt ved Kloppamyra
Her kjem det kryssingspunkt for gåande (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 31. juli 2018 07:08

Midtsiden har i fleire artiklar i sommar skrive om høg fart på fylkesveg 160 Ulvenvegen ved Kloppamyra. Mellomanna om ein unge som måtte hoppe unna for ikkje å bli påkøyrd.

Dette fekk ordførar Marie Bruarøy til å purra på Statens Vegvesen.

– Eg viser til artikkelen i Midtsiden i dag, skreiv Bruarøy til vegvesenet 13. juli, kor ho samstundes lurte på om den varsla trafikkteljinga var gjennomført, og viss ikkje, om det kunne bli gjort snarast.

Vurderer fartsreduserande tiltak

Måndag kom svaret frå Statens Vegvesen, og dei har konkludert med at det er grunnlag for gangfelt.

– Vi har utført registreringar i kryssingspunktet ved Kloppamyra. Dei viser at det er grunnlag for gangfelt, skriv Bente Isdal i svaret sitt.

– På grunn av fartsnivået på staden må vi også vurdera fartsdempande tiltak. Prosessen med å få på plass nødvendige tekniske planar og skiltvedtak vil bli starta opp så snart som mogleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.