Lokal | 05. apr. 2019

– No må grunneigarane følgja med!

Reguleringsplanen for Hauge kjem ut på høyring - politikarane med klar oppmoding.

– No må grunneigarane følgja med!
Områdeplanen for Hauge slik den no kjem ut for høyring. PBU-leiar, Gustav Bahus (Frp) oppfordra alle naboar og grunneigarar til å lesa den. (Ill: ABO Plan & Arkitektur AS)  
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 05. apr. 2019 08:22

Under møte i plan- og bygningsutvalet (PBU) i går, var oppstart av planarbeid og områdeplan for Hauge på sakslista.

Os kommune vil i samarbeid med ByBo As starta opp arbeid med ny områderegulereing for området Hauge.

Ein søknad frå ByBo As i mars 2017 om detaljregulering av gbnr. 63/455 og 464 (Bjørnafjorden Hotell) vart den gongen avslått, då den ikkje var i samsvar med gjeldande arealplan.

ByBo As kjøpte i 2016 eigedomen som, den gongen Bjørnafjorden Gjestetun - no Bjørnafjorden Hotell står på. Dei kunne fortelja at planen var å driva gjestetunet vidare, men berre midlertidig - dei ville bygga bustader på tomta.

Ein samarbeidsavtale mellom ByBo Asog Os kommune har tidlegare skapt til dels høg temperatur i PBU.

Denne avtala vart godkjent av kommunestyret 25. september 2018.

Informasjonsmøte med grunneigarane

Etter at avtala vart signert hadde administrasjonen i Os kommune og ByBo As drøftingsmøter som ei felles styringsgruppe, kor målet var gjennomgang av av forslag til planprogram.

Etter at samarbeidsavtalen hadde vore innom formannskap og kommunestyret kom det ein del spørsmål og bekymringar frå naboar og grunneigarar i området. Formannskapet bad då om at arbeidsgruppa gav meir informasjon om førebuingane til planprogrammet.

Eit ope informasjonsmøte vart gjennomført 16. november 2018. Grunneigarar som ynskte det, fekk òg tilbod om eigne møte med arbeidsgruppa.

Det vart ikkje store diskusjonen i utvalet då framlegget til å legga planen ut på høyring skulle stemmast over, men Espen Aspenes (Frp) nytta høve til å minna om tidlegare kritikk om dårleg varsling i saka.

Administrasjonen understreka då at ansvarleg plankonsulent, ABO Plan & Arkitektur AS har ansvaret for varsling til alle naboar til planen.

– No må alle lesa planen!

Utvalsleiar Gustav Bahus (Frp) kunne fortelja at planen, etter informasjonsmøtet med grunneigarane, er blitt noko utvida i retning aust. Dette då ein av grunneigarane ynskte å vera med i planen.

Bahus kom òg med ei sterk oppmoding til alle grunneigarene i området;

– No er det viktig at alle les denne planen når den kjem ut på høyring.

PBU vedtok å å leggja planen ut på høyring mot éi stemme frå TvS.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.