Vêret i Os | 21. jan. 2026

No skal det bli kaldare

Vêret held seg stabilt lettskya, men i dag skal det gå frå pluss- til minusgradar.

No skal det bli kaldare
Nordlys over Borgabuo i går kveld. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. jan. 2026 16:32

Det stabile, solrike vêret held fram, men det blir no kaldare. I dag skal temperaturen ned frå 4 pluss til rett under frysepunktet.

Tysdag kveld var det dessutan nordlys over Os.

Gapahuken Borgly tysdag kveld. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Gapahuken Borgly tysdag kveld. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Det skal halda seg frå 2 til 5 minusgradar fram til helga.

Laurdag og søndag er det venta ned til 7 minus, i starten på neste veke skal det bli 8 minusgradar.

Vinden skal løya frå 6-7 m/s i dag til 2-3 m/s i helga og berre 1 til 2 på måndag.

I Eikedalen har vindstyrken skapt konsekvensar. Planlagt dagtidsope skisenter torsdag er avlyst, men det blir kanskje kveldskøyring.

Til helga er det meldt langt betre vindforhold.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.