Politi | 20. aug. 2025

No skal politiet vere synleg ved skulevegane

Politiet startar denne veka «Aksjon skuleveg», ei landsdekkande satsing for å trygga vegen til og frå skulen.

No skal politiet vere synleg ved skulevegane
I dag er politiet til stades ved Nore Neset barneskule. Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokaonsdag 20. aug. 2025 09:03

I tre veker framover vil politiet vera ekstra synlege rundt skulane.

Målet er å førebygga ulykker i samband med skulestart.

Kontrollane vil i hovudsak skje ved barneskular, men også ved ungdomsskular og vidaregåande skular.

Den første kontrollen i Bjørnafjorden vil skje ved ein skule som tidlegare i år fekk innført trafikksikringstiltak i form av hjartesone.

Politiet prioriterer tidene når elevane kjem og går, og vil særleg følgja med på fart, rus, sikring av barn i bil og aktløyse i trafikken.

– Sjåførar har eit særleg ansvar for at barn ikkje blir skadde på skulevegen, står det i pressemeldinga frå politiet. Saman skal vi gi barna ein trygg og sikker skulestart, seier UP-sjef Knut Smedsrud.

Han oppmodar også føresette til å vera gode førebilete i trafikken og til å øve på skulevegen saman med barna sine.

I Bjørnafjorden er det Nore neset barneskule som er først ut med ekstra politinærvær. Der er politiet til stades i dag.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.