Næringsliv | 09. jan. 2019

Nok eit år med auke

AMFI Os og avtroppande leiar, Silje Lygre kan sjå attende på eit godt 2018.

Nok eit år med auke
Avtroppande senterleiar, Silje Lygre leverer frå seg eit senter i framleis vekst. 2018 vart nok eit godt år for AMFI Os. (Foto: Silje Lepsøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 09. jan. 2019 14:33

Avtroppande senterleiar, Silje Lygre fortel at veksten held fram for det lokale kjøpesenteret.

– Totalt omsette vi for 588 millionar kroner i 2018. Dette er ein auke på 1,1 prosent i høve til 2017. På samanliknbare tal - om ein tek vekk tala for butikkar som har gått ut eller kome til, er veksten på 1,38 prosent. Begge desse tala er noko vi er godt nøgd med.

Knallsterk black friday

Lygre fortel at black friday no er å sjå på som som opninga av julehandelen for senteret.

– I 2018 hadde vi ein auke på heile 20,68 prosent i høve til black friday i 2017. Perioden frå black friday til jul hadde ein auke på 4,25 prosent, mot 3,6 prosent vekst i 2017. Auka mellom 23. november og ut året landa på 3,11 prosent.

– Med andre ord er black friday noko kundane våre vel å nytta seg av, og det er kjekt å sjå at auka fortsett inn mot julehøgtida. Desember er framleis den beste månaden omsetningsmessig, og vi omset for 19 millionar kroner meir i desember enn i november.

Nokon ut - nokon inn

Amfi Os feira 30-årsjubileum i 2018, og mykje har endra seg gjennom åra. I fjor var det òg nokon som flytta ut - og andre som flytta inn i senteret.

– Helsekosten la ned, men vart fort erstatta av Naturkost. Når Tilbords gjekk ut, vart dette det nye lokalet for Borg Vêr, som flytta opp til oss frå Os sentrum.

– Zeller gjekk ut, og inn i lokala kom etterkvart Link Brands. I første etasje tok strikkebutikken Spøt over, etter at Foss Ur og Smykker la ned. I tillegg flytta Maling og Interiør frå Europrisbygget og inn i kontordelen i andre høgda, no under namnet Løfi Markiser. Det var òg eit løft når Mekk starta malingsavdeling i sin butikk, eit tilbod vi ønska å behalda på senteret.

– Kjekt er det òg at Hurtigruta Carglass har utvida, og personleg har eg allereie nytta det nye tilbodet til om innvendig- og utvendig vask av bilen fleire gonger, smiler Lygre.

Spanande år

Lygre, som etterkvart overlet sjefsstolen til Siri Ann Myhren Dalseide, fortel at AMFI Os går inn i eit spanande år.

– Først av alt får jo senteret ny sjef, vi får ferdig oppussinga av parkeringsplassen mot nord, og fellesområda inne vil òg få seg eit løft. Vi skal halda fram med å vera eit godt senter, sjølvsagt med mål om endå betre tal.

– Kva tenkjer du om at Lagunen byggjer ut såpass mykje - er det noko som uroar dykk?

– Nei, vi har ein fin filosofi som seier at vi kan ikkje gjera noko med konkurrentane våre, men vi kan gjera noko med oss sjølve.

Lygre er no inne i sin siste månad som senterleiar, men ein ting er ho viss på;

– Eg kjem til å følgja senteret vidare, noko meir på sidelinja, men framleis som trufast kunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.