Lokal | 29. apr. 2019

Nokon har vaska samvitet sitt

Osfest-gjengen blei glade, og litt lattermilde, då dei i dag fekk ein pose på trappa etter innbrotet i helga.

Nokon har vaska samvitet sitt
I dag kom nokre av varene tilbake. No håper Osfest-styret at dei med varer av høgare verdi ikkje kvir seg for å ta kontakt.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 29. apr. 2019 22:21

I går blei det oppdaga innbrot i Osfest sitt lager i Landboden igjen, denne gong med tjuveri av meir verdifulle varer enn dei mange tidlegare gongane dei har hatt innbrot.

Walkietalkiar verdt rundt 10.000 kroner er vekke, det same er ein kostbar, men for mannen i gata verdilaus, straumomkoplar.

– Eg svingte forbi der i dag, berre for å sjekka tilstanden, og då sto det ein pose utanfor døra som i helga blei knust, fortel styremedlem Jan Vidar Alnes.

På posen var det ein lapp merkt «Osfest-lager», i posen låg fleire gjenstandar.

– Eit serveringsbrett, ein hengelås, ein deodorant, noko brus og nokre kleshengarar er kjekt å få tilbake. Det var ikkje varer vi hadde lagt merke til var vekke, men det er eit steg i rett retning!

Osfest-styret vil halda fram med å køyra nedom lageret for å sjå om nokon leverer fleire varer, men seier varer av høgare verdi kan vera greit å ikkje berre setja frå seg.

– Det ser ut som om nokon har fått dårleg samvit og levert varer tilbake, og det er vi naturlegvis glade for! No håper vi at dette held fram, og vi kjem ikkje til å melda dei som ønskjer å levera tilbake walkietalkiane eller andre varer direkte til oss. Det er berre til å ta kontakt, eller få andre til å levera varene. Folk skal ikkje kvi seg for å angra eller for å vera ærlege, seier Alnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.