Lokal | 04. jan. 2019

Nokon stal SIB-katten

Bronseskulpturen som Vidar Bratlund-Mæland laga for å hylla ein heilt spesiell katt er no stolen.

Nokon stal SIB-katten
Ein knapp månad fekk den stå - no er skulpturen stolen. (Foto: Vidar Bratlund-Mæland)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 04. jan. 2019 09:06

«#Parkveien, Bergen sentrum, 1340: Studentsenteret melder at det er gjort skadeverk på en statue på utsiden. En sølvfarget, støpt katt (som var festet til statuen), er knust av og stjålet. Er på størrelse med en vanlig katt. Ingen kjent mistenkt så langt.»

Dette kunne du lesa på Vest Politidistrikt sin Twitter-konto 30. desember.

«Statuen», laga av Vidar Bratlund-Mæland, fekk altså stå i fred ein knapp månad.

Katteskulpturen kom på plass etter eit initiativ frå ei gruppe studentar. Dei ville hylla katten Araya, som i ei årrekkje var ei kjent syn på i omådet rundt Studentsenteret i Bergen.

Arayas eigar var tatovør, artist - og osing, Torkjell Rød.

– Forferdeleg tragisk

Det er dei første orda til Mæland når Midtsiden spør han om ein kommentar til tjuveriet.

– Dette er noko vi alltid er redd for skal skje, og vi forsøker så godt det lar seg gjera å sikra kunst som skal stå i offentleg rom mot slike hendingar.

Mæland vil ikkje spekulera for mykje i kven han trur står bak, eller kva målet med å fjerna skulpturen på denne måten kan vera, men ein ting er han sikker på;

– Det må ha vore mykje krefter i sving. Er du mange nok, eller du har solid verktøy med deg, skal det allikevel mykje til får å få laus ein slik skulptur.

– Eg vil tru at dette er resultatet av ei solid fyllekule, dessverre. Nokon har egga kvarandre opp - det skulle målast krefter, og no er den vekke.

Mæland fortel at hadde skulpturen vore betydeleg større, kunne eit tjuveri med mål om å smelta den om for å få ut bronsen, vore eit alternativ.

Klar oppfordring - med amnesti

Mæland har sjølv vore i kontakt med støperiet han nyttar for å forsikra seg om at dei har formene som var nytta til støypinga.

– Dette er berre ei forsikring om katten ikkje dukkar opp att, og det eventuelt vert aktuelt å støypa ein replika, seier Mæland.

– No var denne skulpturen av katten Araya eit resultat av ei innsamling med meir ein 100 deltakarar, så det er ikkje sikkert at det er mogleg å reisa ein ny innsamlingsrunde.

Mæland har éi klar oppmoding til dei som står bak tjuveriet, eller hærverket om du vil;

– Meld i frå om du veit kor katten er no. Kanskje nokon veit at den ligg på botnen av ein av dei fleire vatna og dammane i området, eller kanskje nokon veit at den ligg i ein kjeller eller bod ein stad?

– Eg vil i alle høve oppmoda på det sterkaste å levera den attende.

Mæland fortel vidare at syndarane, eller dei som måtte veta noko, er hjarteleg velkomen til kaffi og amnesti i Solbakkestova - å få «Araya» attende på plass er det viktigaste no.

Ikkje lett å forsikra

Mæland fortel at han ikkje veit om skulpturen var forsikra av Universitet i Bergen eller av Studentsenteret, men han fortel at å få forsikra kunst i det offentlege rom ikkje er ei enkel affære.

– Om du er heldig, kan du få det til via ei kreativ- og utvida innbuforsikring, men elles må det til ei spesialforsikring, som krev både tid og ressursar.

– Far min, Arne Mæland, har fleire gonger opplevd tjuveri og hærverk på arbeid som han har gjort. Eg opplevde det same då skulpturen «Havjomfruen og Hippolytus» vart stolen frå skjeret i Ulvsundet i 2013.

Den dukka jo opp igjen, men det tok tre år før den vart funnen.

– No får vi berre håpa at «Araya» ikkje vert vekke like lenge, avsluttar Mæland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.