Sport | 07. mars 2019

Nora B. Nøss del av nasjonalt uttak

Nora Blindheim Nøss er del av første nasjonale uttak for 2005-årgangen.

Nora B. Nøss del av nasjonalt uttak
Nora, her i Sogndal Cup for gutelaget, er del av nasjonalt uttak. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. mars 2019 22:21

Bildeserie:

Nora då ho trente md Chelsea i haust.
Nora då ho trente md Chelsea i haust.
1 av 1
Nora då ho trente md Chelsea i haust.

I dag blei uttaket til Equinor Talentleir i Sarpsborg helga 21. til 24. mars publiserte på fotball.no.

Leiren er for J15-landslaget og skyggelandslaget i J15, i tillegg er det tatt ut to troppar i J14-klassen.

– Dette er første gong jentene fødd i 2005 er inne på et nasjonalt tiltak, mens 2004-jentene opplever for første gong å bli plassert i ein tropp som anten heiter landslag eller skyggelandslag, seier fagansvarleg for landslagsskulen, Håkon Grøttland.

Nora frå Os, som fyller 14 år til hausten, er ein av 39 spelarar i dei to urangerte J14-troppane.

Ho får selskap av desse fire frå Hordaland:
Ragnhild Skage - Bønes
Amalie Mørner - Loddefjord
Marie Iversen - Sotra
Josefine Løvås - Sotra

I Chelsea før jul

I fjor trente og spelte Nora med 1. divisjonslaget til Os gutar i same alder, og med det eitt år eldre jentelaget. Ho har òg spelt med fire år eldre jenter på «superlaget» Nore Neset/Os.

– Nora er ikkje berre teknisk og talentfull, ho stiller på trening med ei unik treningsvilje ho er svært energisk og tøff, og tar med killer instinct plass på ein fotballbane.

– Samtidig som ho er audmjuk, uvanleg god også utan ball, og ein person som speler andre gode, sa, Endre Brenne då Nora i haust fekk eit treningsopphald hos Chelsea i London.

• Les òg: – Nora klarte seg mildt sagt bra i Chelsea

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.