Kultur | 26. sep. 2019

Nordens beste dokumentarfilm

«En gang Aurora» vann prestisjetung pris.

Nordens beste dokumentarfilm
Aurora og Benjamin under innspelinga av dokumentaren. (Foto: Stian Servoss)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. sep. 2019 10:15

«En gang Aurora», som hadde premiere i desember 2018, fekk to prisar under Gullruten i mai.

No har filmen vunne prisen for beste nordiske dokumentarfilm under festivalen Nordisk Panorama i Malmø.

– Konkurrentane våre var eit selektert utval av dei beste dokumentarfilmane frå alle dei nordiske landa det siste året, så det er verkeleg ei ære, seier produsent Thorvald Nilsen til BT.no.

Osingen Benjamin Langeland har saman med Stian Servoss både regi, manus og foto.

Juryen meiner «En gang Aurora» er eit fargerikt portrett av ein ung kunstnar fortalt med sterk cinematisk kraft.

Jobbar med internasjonalt sal

Filmen blir vist på BIFF (Bergen internasjonale filmfestival) fredag kveld.

I alt er «En gang Aurora» vist på 18 filmfestivalar. Produsenten seier til BT at TV-kanalane gir kjempegode tilbakemeldingar, men reknar med at filmen for dei fleste ikkje er kommersiell nok.

Under BIFF vil dei igjen prøva å få selt den til Netflix.

Aurora, som på forsommaren fekk rikeleg med ros for albumet «A Different Kind Of Human - Step 2», turnerer i Noreg i oktober.

• Sjå òg: Aurora i SakkoSekkStudio under Tysnesfest (juli 2019)

I november går turen til Singapore og Japan, fredag 20. desember speler ho i Oseana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.